verbalsubstantiv (original) (raw)

Verbalsubstantiv er substantiv som er danna av verb, som substantiva læring og lærar frå verbet lære og substantiva hoppar, hopping og hopp frå verbet hoppe.

Faktaboks

Dei blir òg kalla deverbale substantiv.

Verbalsubstantiv og infinitiv

Verbalsubstantiv må skiljast frå infinitiv. Medan infinitiv av eit transitivt verb tek eit objekt, gjer ikkje verbalsubstantivet det, og får i staden ein preposisjonsfrase knytt til seg, som vist i desse setningane:

Typar av verbalsubstantiv

Det finst mange slags substantiv som er avleidde frå substantiv. Her er nokre vanlege typar, klassifisert etter tydinga:

  1. Handlinga (nomen actionis)
    • Hoppehopping, eit hopp
    • Skrikeskriking, eit skrik
  2. Resultatet av handlinga (nomen resultatis)
    • Teikneei teikning
    • Bryteeit brot
    • Byggje ⇨ ein bygning
  3. Den som utfører handlinga (nomen agentis)
    • Hoppeein hoppar
    • Danse ⇨ ein dansar
  4. Reiskapen for handlinga (nomen instrumenti)
    • Klippe(gras)klippar
    • Spisse ⇨ (blyant)spissar
  5. Staden for handlinga (nomen loci)
    • Ysteysteri
    • Bakebakeri
    • Veveveveri

Denne klassifikasjonen byggjer på tyding, ikkje på form, og mange suffiks har fleire tydingar: Substantivet teikning viser til handlinga eller resultatet av handlinga. Ordkløyveri viser til ei handling, og kan òg heite ordkløyving. Eit hoggeri er ein stad der dei driv med opphogging, mens munnhoggeri er ei handling. Ein mottakar kan vere ein som utfører ei handling eller ein reiskap.

Det finst to hovudtypar av verbalsubstantiv som viser til handlingar:

  1. Imperfektive handlingssubstantiv viser til ei uteljeleg og ikkje fullført handling, som hopping og skriking.
  2. Perfektive handlingssubstantiv viser til ein teljeleg og fullført handling – eller ein episode – som eit hopp og eit skrik.

Ordet verbalsubstantiv blir ofte brukt i ei trongare tyding, berre om imperfektive handlingsnomen, som hopping og skriking.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)