Elling Holst – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Elling Holst

Elling Bolt Holst

Fødd

19. juli 1849, Drammen, Buskerud

Død

2. september 1915, Bærum, Akershus

Verke

Matematikar og forfattar

Familie

Foreldre: Bokhandlar, seinare fattigforstandar Adolph Theodor Holst (1814–94) og Amalie Fredrikke Bergh (1818–81).

Gift 1) 13.8.1875 med Inger Skavlan (30.3.1852–8.3.1899), dotter til prost Aage Schavland (1806–76) og Gerhardine Pauline Bergh (1817–84); 2) 29.12.1900 med Marie Michelet (20.9.1872–21.12.1960), datter av overtollbetjent Joseph Frantz Oscar Michelet (1832–1913) og Caroline Julie Laache (1833–1915).

Brorsons son til Poul Holst (1789–1840; sjå NBL1, bd. 6); svoger til Olaf Skavlan (1838–91), Sigvald Skavlan (1839–1912), Aage Gerhard Skavlan (1849–1920; sjå NBL1, bd. 13), Harald Skavlan (1854–1908; sjå sst.) og Simon Themstrup Michelet (1863–1942).

Elling Holst

Elling Holst teikna av Erik Werenskiold ca. 1895.

Elling Holst var ein norsk matematikar og forfattar. Han vann Kronprinsens gullmedalje i 1878 for avhandlinga Om Poncelets betydning for geometrien. I dag blir han likevel mest hugsa for arbeidet sitt med Norsk billedbog for børn og andre barnebøker.

Utdanning

Holst voks opp i Drammen og blei student frå Drammens lærde Skole i 1868 med beste karakter (praeceteris). Ved sida av las han matematikk privat, og etter examen artium begynte han å studere realfag ved universitetet i Kristiania, der han frå 1870 fekk Sophus Lie som lærar. Holst blei cand.real. i 1874 og blei same året tilsett som assistent ved Meteorologisk Institutt. Seinhausten drog han til Tyskland for å studere vidare, mellom anna med Felix Klein i München.

Etter eit knapt år i Tyskland kom han heim og blei lærar i matematikk ved Aars og Voss’ skole og frå 1876 dessutan universitetsstipendiat i rein matematikk. Båe desse stillingane hadde han til han 1891 blei tilsett som overlærar i matematikk ved Christiania tekniske Skole.

Holst hadde fleire studieopphald i København, Paris og Storbritannia i slutten av 1870-åra. I 1878 vann han Kronprinsens gullmedalje for sitt svar på prisoppgåva Om Poncelets betydning for Geometrien, og 1883 disputerte han for den filosofiske doktorgrad på avhandlinga Et par syntetiske Methoder, især til Brug ved Studiet af metriske Egenskaber.

Undervisning

Frå 1894 var Holst dosent i matematikk ved universitetet i Kristiania, med særleg plikt til å undervise «den almindelige skolemathematik videnskabelig behandlet». Han arbeidde for at universitetsstudiet skulle leggjast opp på ein måte som kom den praktiske skuleundervisninga til gode så godt som råd var. Han blei høgt verdsett som førelesar, og fleire seinare kjende matematikarar, til dømes Axel Thue, Kristian Birkeland, Carl Størmer og Richard Birkeland, nemner han som ei viktig inspirasjonskjelde.

I 1886 starta Holst eit Matematisk Seminar, som arrangerte foredrag og diskusjonar om emne og teoriar som det ikkje regelmessig blei førelese i. Seminaret blei ein forløpar for Den norske matematiske Forening (stifta 1918). Då Filologernes og Realisternes Landsforening (seinare kalla Norsk Lektorlag og Norsk Undervisningsforbund, no Lærerforbundet) blei stifta 1892, var Holst ein viktig aktør.

I 1910 blei Holst fritatt for undervisning for å skrive om matematikkfaget i Universitetets festskrift til 100-årsjubileet i 1911. Året etter fekk han av helsegrunnar avskil frå stillingane ved universitetet og den tekniske skolen.

Forfattarskap

Matematikk

Holsts matematiske produksjon omfattar elles mest lærebøker og biografiske arbeid om norske matematikarar som Niels Henrik Abel, Carl Anton Bjerknes, Sophus Lie. Han skreiv også i Illustreret norsk Litteraturhistorie om norsk matematikk frå Hauk Erlendsson på 1300-talet til Sophus Lie og hans elevar.

Barnelitteratur

I 1880-åra begynte Holst å samle norske barnerim, reglar og songleikar. Resultatet av innsamlingsarbeidet utgav han i tre samlingar med tittelen Norsk billedbog for børn (1888, 1890, 1903), dels med eigne melodiar. Det første bindet er ein av norsk barnelitteraturs mest vitale klassikarar, og blir framleis trykte opp. Det er i desse bøkene vi for første gong finn nedskrivingar av kjende rim og reglar som «Ride, ride ranke!», «Sko Blakken, sko Blakken», «Bake kake søte», «Ro, ro til fiskeskjær», «Kjerringa med staven», «Hoppe! sa gåsa» og «Du og jeg og vi to seila i en tresko». Då den første samlinga kom i 1888 var den trykt i fargar og rikt illustrert av Eivind Nielsen.

Det låg eit nasjonalt program bak denne innsatsen: Holst ville berge den munnleg overleverte norske barnepoesien. Holst la i nedskrivinga vekt på daglegspråk og norsk uttale. I 1893 utgav han saman med Anna Rogstad ei A.B.C. for Skole og Hjem, og året etter følgde han opp med Lette læsestykker for barn til brug efter A.b.c.en.

Også som leilighetsdiktar blei han høgt skatta, og i 1870-åra var han med Karl Seip og laga dei første to utgåvene av det som seinare blei Seips visebok.

Anna engasjement

Holst var i alle år aktiv i kulturlivet, i Studentersamfundet, ved nordiske studentmøte og naturforskarmøte, i arbeiderakademi og kunstforeiningar.

Holst var formann i styret for Nasjonalgalleriet i 1897–1905 og medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det norske Videnskaps-Akademi) frå 1881. Han blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1902.

Holst hadde òg ei stor bok- og kunstsamling og ei samling norske julekort. Etter hans død blei kunstsamlinga selt på auksjon, og julekortsamlinga blei kjøpt av Universitetsbiblioteket.

Les meir i Store norske leksikon

Utgjevingar i utval

Matematiske arbeid

Barnebøker

Anna

Litteratur

Faktaboks

Elling Holst

Historisk befolkingsregister-ID

pf01036373006251

Kommentarar