Mississippi – elv – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Mississippi
Uttale
mississˈippi
truleg av ojibwa missi sipi, ‘storelva, far til vatna’ eller ‘samlar vatn frå alle sjøar’
Mississippi grensar til eller går gjennom delstatane Minnesota (MN), Wisconsin (WI), Iowa (IA), Illinois (IL), Missouri (MO), Kentucky (KY), Tennessee (TN), Arkansas (AR), Mississippi (MS) og Louisiana (LA). Med dei mange sideelvane utgjer nedbørsfeltet til Mississippi (vist i lyseraudt) heile eller delar av 32 amerikanske statar og to kanadiske provinsar mellom Rocky Mountains og Appalachane.
Elva Mississippi sett fraåWisconsin Bluffs.
Mississippi er den største elva i Nord-Amerika, og den fjerde lengste på jorda når ho blir målt frå kjeldene til Missouri. Det offisielle målet er 5971 kilometer. Enkelte andre målingar viser ei lengd på over 6000 kilometer, og Mississippi–Missouri blir ifølgje desse målingane rekna som den fjerde lengste elva i verda. Lengda av frå Mississippis eiga kjelde er 3766 km. Nedbørsfeltet er ca. 3 221 000 km2.
Elveløp
Mississippis utspring blir rekna frå Itasca-sjøen i det nordvestlege Minnesota, 445 meter over havet. Elva renn i byrjinga gjennom eit skog- og myrland, rikt på sjøar, og har fossar og stryk. Ved Minneapolis dannar ho dei til saman 21 meter høge St. Anthony-fossane. Derfrå kan ho seglast like til munningen, då dei vesle stryka ho dannar lenger nede, er gjorde farbare. Mississippi møter Missouri, som er mindre vassrik, litt nord for St. Louis. Ved Cairo møter ho Ohioelva, som har større vassføring enn Mississippi og Missouri til saman.
I tertiær nådde ei vik av Mexicogolfen inn i Mississippidalen omtrent til munningen av Ohioelva. Denne vika er seinare fylt opp av deltaavleiringane til Mississippi og dannar no ei kolossal elveslette. I dette området er Mississippis fall svært lite, 1 : 20 000, og elva slyngjer seg fram i store meandrar. Her er også elveleiet høgare enn landet omkring. Sideelvane har difor vanskeleg for å bli sameinte med hovudelva, så dei spring parallelt med denne i lange strekningar, til dømes Yazoo-elva. Langs breidda er det bygd dike for å verna det lågare landet omkring. I storflaumar kan likevel vatnet bryta seg igjennom. Dette skjedde mellom anna i 1993 og 1997, då to av dei største flaumane i nyare tid oppstod. I 1993 blei omkring 40 000 km2 overflødd.
Mississippielva dannar eit stort delta med mange greiner ut i Mexicogolfen. Hovudgreina deler seg i fire munningsarmar, passes. Deltaet er kanalisert.
Vassføring
Opp til Baton Rouge i Louisiana er Mississippi seglbar med større båtar, og trafikken er monaleg.
Vassføringa ved utløpet kan gjennomsnittleg setjast til 17 000 m3/s, men ho skiftar mykje, slik at vasstanden ved Vicksburg kan variera med opptil 17 meter. Ved New Orleans er Mississippi 2,4 km brei. Av dei mange bielvane (inntil munningen av Missouris) kan ein nemna Minnesota og Des Moines (begge frå vest), Chippewa, Wisconsin og Illinois (alle frå aust). Nedanfor Missouri er dei viktigaste bielvane (forutan Ohio) Arkansas og Red River (begge frå vest). Desse bielvane kan seglast på lange strekningar. Til saman er Mississippi med bielvar mogleg å segla på over ca. 22 000 kilometer. Elveskipsfarten var stor inntil han blei utkonkurrert av jernbanane i andre halvdelen av 1800-talet. Det er likevel framleis stor lektertrafikk, og elva er også no ei svært viktig transportåre. I den nedste delen er trafikken av havgåande skip betydeleg (New Orleans, Baton Rouge).
Historie
Det nedre løpet av Mississippi blei oppdaga i 1541 av Hernando de Soto; kanskje kom Alonso Alvarez de Pineda alt i 1519 til elva. Likevel blei de Sotos oppdaging utan betydning i mange år. Først dei to franskmennene Louis Joliet og Jacques Marquette gjorde Mississippi kjend i kulturkrinsen vår, idet dei i 1673 reiste nedover frå munningen av Wisconsin til munningen av Arkansas. I 1680 utforska Louis Hennepin elva frå munningen av Illinois til St. Anthony-fossane, der Minneapolis ligg no, og to år seinare følgde Réne Robert La Salle elveløpet like til munningen i Mexicogolfen og kravde heile Mississippidalen for Frankrike. Etter franske avståingar i 1762 og 1763 blei Mississippi grensa mellom spaniarar i vest og britar i aust. I 1783 blei Mississippi USAs vestgrense, men munningen blei kontrollert av Spania, som ved traktat av 1795 garanterte fri skipsfart. Ved Louisiana-kjøpet i 1803 fekk USA kontroll over den vestlege delen av Mississippidalen.
Flaum
Trass i flaumsikringstiltak har Mississippi fleire gonger forårsaka alvorlege flaumkatastrofar, mellom anna i 1973, 1982 og særleg 1993, då vasstanden ved St. Louis stod 14 meter over normal vasstand.