dialekter på Jæren – Store norske leksikon (original) (raw)

Infinitivsendingar

Jæren er ein region i Sør-Rogaland. Geografisk dekker Jæren det flate kystområdet frå Boknafjorden i nord til Dalane i sør. På Nord-Jæren ligg Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Lenger sør møter ein det som blir kalla Den eigentlege Jæren, eller Låg-Jæren. Låg-Jæren er den 10–15 km breie randa langs kysten frå Brusand i sør og 60 km nordover til Tungenes, nordenden av halvøya mellom Gandsfjorden og Nordsjøen.

Namet Jæren var tidlegare Jæderen, av norrønt Jaðarr, 'rand, kant'.

A-mål

Dialektene på Jæren høyrer inn under det sørvestnorske _a_-målet, som strekker seg frå vestre Agder og nordover på Vestlandet til Indre Sogn. Infinitiv av verba endar her på -a, døme å vera, å lesa, å kasta, å skriva. Endinga -a har også dei svake hokjønnsorda i ubestemt form eintal: ei vega, ei gada, ei jenta.

Lydverk (fonologi)

Vokalar

Eit hovudkjennemerke på jærmålet er den breie _æ_-lyden, jamfør setninga: De blæse grævlikt på jæren! (det blæs grævlig på jæren). Denne _æ_-lyden er karakteristisk for talemålet her fordi lyden er så open, og fordi han er så frekvent. Kjerneområdet for den breie _æ_-lyden er Klepp, Time og . Den lange _æ_-lyden vantar i Stavanger by og på Randaberg.

Nokre norrøne vokalar har blitt lågna og fått ny kvalitet i jærmålet: bork til bårk, fugl til fogl (eller foggel), yfir (norrønt) til øve. Kort a har i jærmålet ein lysare uttale enn lang a og nærmar seg _æ_-kvalitet (ein mænn).

Diftongar

Dialektane på Jæren som elles i Rogaland har bevart dei «norske» diftongane øu (au), ei, øy. Sør på Jæren, i Klepp, Time og Hå, har desse diftongane ein noko «breiare» uttale, jamfør graud (graut), å laida (leita), haima (heime) og ein flåyde (ein fløyte), å jåyma (gøyma). Denne særmerkte uttalen av diftongane er i dag på veg ut hos dei unge på Jæren. Dei unge i Time seier til dømes å jøyma seg og adle var heima.

På Sør-Jæren kan ein hos eldre folk høyra at lange vokalar er diftongerte. Døme på dette er uttalen heus (hus), ein teime (time), ei keu (ku).

I sterke adjektiv er det i dialektene her utvikla ein innskotsvokal, også kalla «svarbhaktivokal», jamfør døma: ein stor’e båd, ein grøn’e stol, ei stor’e skuda, ei skarp'e nål. Historisk sett var det berre hankjønnsorda i gammalnorsk som utvikla ein slik innskotsvokal, men denne vokalen blei seinare også overført til hokjønnsorda etter mønster av hankjønnsorda (analogi).

Konsonantovergangar

Heile det sørvestlandske a-målet (med unntak av det meste av Vest-Agder) har segmentasjon ll til dl, i ord som adle, fudle (fulle), kjedlar (kjellar).

Dei norrøne (lange) konsonantane ll og nn har i jærmålet endra seg og har utvikla det som blir kalla «segmentering», ei framvekst av ny lyd. Ord som fjell og alle har då blitt fjedl og adle. Orda stein(n) og tann har blitt steidn og tådn.

Ein del konsonantsamband har også endra seg i jærmålet. Til dømes har rn blitt dn i mange ord. Orda korn, gjerne og barn blir uttalt kodn, jedna og badn. Andre konsonantovergangar i jærmålet finn ein i ord som jabna og nabbn (for jamna og namn) og ups og lepsa (for ufs og lefse).

P, t, k til b, d, g (overgang til blaude konsonantar)

Jærmåla har overgangen p, t, k til b, d, g etter vokal. Denne konsonantovergangen blir kalla overgang til «blaude konsonantar», og ein finn fenomenet på kysten av Agder, og i Rogaland så langt nord som til Skudenes på Sør-Karmøy. Jæren ligg midt i dette området, og her heiter det såleis: å bida og å veda (bita og veta). Andre døme på overgangen: eda (eta), liden (liten), mad (mat), bog (bok), koga (koka), ei vega (ei veke) og så bortetter.

Skarre-r

Jærmålet har skarre- r, det vil seia ein bakre -r som blir uttalt ved at bakre delen av tunga vibrerer mot den bakre blaute ganen. Lyden kan også bli laga ved at drøvelen vibrerer mot den bakre delen av tungeryggen. Døme er: Eg he eit stoRt aRk på pulten, bRusen smakte RaRt. Gammalt mål på Jæren hadde tungespiss-r (rulle-r), men denne uttalen er nå borte. Ein meiner at skarre-_r_-en oppstod i Paris på 1600-talet, spreidde seg til byar nordover i Europa og kom til Bergen og Vestlandskysten om lag 1800. Skarre-r er truleg det norske dialekttrekket som har ekspandert mest dei siste hundre åra.

Tonelag (tonem)

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På Jæren og elles på Vestlandet har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. På Austlandet har ein låg tone først i slike ord, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder.

Dei jærske dialektene har, som det meste av norsk talemål, to tonelag. Desse kallast tonem 1 og tonem 2. Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne), huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2).

Tonegang (høgtone og lågtone)

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Tonegangen kjem klarast fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På Jæren og elles i vestnorsk har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. I austnorsk har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Den språklege nordgrensa for jærmålet fell tradisjonelt saman med grensa for halden -r i ubestemt form fleirtal av substantiva. Nord for denne grensa, til dømes på øyane i Boknafjorden, finn ein då fleirtalsformer som hestar, sjeier, pålar, jenter. Men i jærmålet heiter det i fleirtal: hesta, sjeie, påla, jente. Heile tungeneset (Randaberg) har jærformer utan -r i fleirtal. Stavanger derimot, har former med -r, som i hestar, kattar, heiar, myrar. Stavanger knyter seg her til dialektene i Ryfylke. Bruken av fleirtalsformer med ståande -r breier seg i dag frå Stavanger, både sørover mot Sandnes og vestover til Madla og Randaberg.

Substantivbøyinga i jærmålet er slik:

I eldre jærmål enda sterke hokjønnsord på -o: den skålo, denne bygdo. Jamfør namnet Knudaheio. I dag er endinga -å den mest brukte. Jærmålet har elles same endinga i sterke og svake hokjønnsord: den solå (sterkt) og den vegå (veka, svakt). Her skil denne dialekta seg frå talemålet sør for Jæren, i Dalane. Her i sør har sterke og svake hokjønnsord ulik ending i bestemt form eintal. Det heiter då den solæ, den bygdæ og den skålæ (sterke), men den vego, den hytto (svake).

Ved Brusand sør på Jæren går grensa for halden vokal i bestemt form fleirtal. Sør for Brusand heiter det adle bådan og adle jenten. Nord for Brusand (og på Jæren) har ein formene adle bådane og adle jentene.

Verb

I dialektene blir verba inndelte i to hovudgrupper: svake og sterke verb. Innanfor desse gruppene er det ulike klasser. Slik er det også i jærmålet. Her følgjer først nokre svake verb. Den første klassa av dei svake verba blir kalla _a_-verb. Dei blir bøygde slik i infinitiv, presens, preteritum og presens perfektum:

I jærmålet har nokre _a_-verb dentalending i preteritum (kalla «blanda bøying»), jamfør døme på slik bøying:

Nokre andre verb med blanda bøying er: glana, håpa, lika, spela, tvila, koka, låna, meina og spara.

_Ja_-verba har denne bøyinga:

Sterke verb

Dei sterke verba blir inndelte i seks klassar og har kortformer (avlyd) i preteritum. Nokre sterke verb har vokalskifte frå infinitiv til presens (fara, blåsa), sjå nedanfor. Her følgjer døme på sterke verb i jærmålet:

  1. riva – riv’e – reiv – he reve
  2. bryda – bryd’e – braod – he bråde
  3. bresta – brest’e – brast – he broste
  4. bæra – bær’e – bar – he båre
  5. fara – fær’e – for – he fare
  6. blåsa – blæs’e – bles – he blese

Pronomen

Dei personlege pronomena i første person eintal og fleirtal heiter i jærmålet eg og me: eg var der og me møtte henne i byen. På søre del av Jæren, sør for Håånå (Håelva), høyrer ein dei gamle pronomenformene okke og okka i staden for åsse (oss) og vår/vårt/våre. Dette er eit målmerke som folk legg merke til og er medvitne om, jamfør setninga me tog okke go'e tid for det va okka brødlupsdag. Folk i Egersund snakkar om okka by.

Dialektutviklinga

Stavanger

Bymålet i Stavanger påverkar dialektene i områda kring byen. Bymålet har i lang tid hatt denne inkjekjønnsbøyinga: et hus – huse – fleire huser – adle husene. Dei sterke verba blir i Stavanger bøygde slik: å fara – fare – for, å sova – sovesov. Nokre lange konsonantar får i bymålet ofte skriftuttale: adle blir til alle, steidn blir stein og så bortetter. Slike nemnde språktrekk breier seg nå til bygdemåla på Jæren. Bildet viser Vågen. Dei gamle sjøhusa blei bygde på 1800-talet og er seinere restaurerte. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Frå 1970-talet og fram til i dag har det som følgje av oljeutvinninga skjedd ei rivande samfunnsutvikling i Rogaland, og denne utviklinga har vore aller sterkast frå Stavanger og sørover på Jæren. Folketalet i byane har auka mykje.

Bymål og bygdemål

I Stavanger har ein tradisjonelt hatt to «dialekter». Folkemålet (også kalla gadespråget) på den eine sida og det høgare talemålet på den andre. Folkemåla i Stavanger og Sandnes har tradisjonelt hatt mange Jær-målmerke i språket. Folkeleg Stavanger-mål har tre kjønn: ein båd, ei sol, et hus. Dialekta er _a_-mål, som jærmålet elles: å vera, å komma, ei kjerka, ei gada. Dette folkelege bymålet har blaude konsonantar (ein båd, ei vega, å taba) og også skarre-r. Uttalen kodn, steidn og fjedl finst i bymålet, og i bøyingsverket har hankjønnsorda -ar i fleirtal: bilar og bådar, og det heiter fiskarar og lerarar. Adjektiva har i folkeleg Stavanger-mål kjønnsbøying: den svarte katten – den svarta skudå – det svarte huset – dei svarte kattane. Nokre nye ord i bymålet har innordna seg i seg tradisjonelle språksystemet på Jæren; det heiter i Stavanger mellom anna den pene jentå og eg e jemma.

Dagens jærmål

Det skjer i dag ganske store endringar i Jær-dialektene. Desse endringane kjem først til syne i byane og breier seg så til bygdene omkring. I Stavanger har ein i lang tid hatt denne inkjekjønnsbøyinga: et hus – huse – fleire huser – adle husene. Dei sterke verba får ei enklare bøying (misser vokalskiftet i presens), og det heiter nå: å fara – fare – for, å sova – sovesov. Nokre konsonantsamband får i bymålet ofte skriftuttale_, adle_ blir til alle, Kvednavidjå blir Kverneviga, steidn blir stein. Slike former breier seg nå til bygdemåla på Jæren. Konsonant-uttalen dj, nj og kj er på vikande front i byane og i bygdene på Jæren: vidjå (vika bestemt form av ei vig) blir til vigå, sleddja blir slegga, senjå bli sengå og bekkjen blir bekken .

Nye ord tek plass i dialekta

Endringane i ordtilfanget på Jæren er store, slik det er mange dialekter i dag. Den moderne samfunnsutviklinga har ført nye ord inn i jærmålet. Gardsdrifta på Jæren er mekanisert, og nye ord kjem inn i daglegspråket til bonden. Ungdommen tek opp ord frå media og frå ungdomskulturen. Det gjeld ord som harddisk, å rafta, basket, å digge, å krasje, å strippe, å sjekke, teit, låt, dønn, multitasking, feedback, facts, caps, display, image, skateboard, iPhone, iPad, laptop, smartphone, å surfe, shuffleboard, coach og å coache, donut og selfie.

Meir om nye endringar i språket til dei unge i Stavanger, sjå artikkelen dialekter i Rogaland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar