konjunktiv – Store norske leksikon (original) (raw)
Konjunktiv er eit namn på verbformer som uttrykkjer ein tenkt situasjon – noko som kunne ha skjedd, burde ha skjedd, burde skje eller er ønskjeleg at skjer. Eit eksempel frå norsk er verbforma leve i Leve kongen! – eit uttrykk for at ein ønskjer at kongen skal leve. Konjunktiv er lite brukt i norsk, og finst berre i faste uttrykk; jamfør avsnittet Konjunktiv i norsk lenger nede.
Faktaboks
Uttale
kˈonjunktiv
Konjunktiv kjem av seinlatin coniūnctīvus (modus) ‘(setnings)samanbindande (måte)’, som er avleitt av conjūnctus ‘samanbunden, samanhengande’.
Også kjend som
s'ubjunktiv
Konjunktiv, som òg blir kalla subjunktiv, er ein modus. Ulike modusar (modi) uttrykkjer korleis talaren tek stilling til det som blir sagt.
Ulike bruksmåtar i ulike språk
Konjunktiv er typisk ein tredje modus attåt indikativ og imperativ. Dersom eit språk har desse tre modusane (modiane), kan tilhøvet mellom dei framstillast slik:
- indikativ: Talaren fortel eller spør om noko.
- imperativ: Talaren kjem med ei befaling, eit påbod eller ei oppmoding (oppfordring).
- konjunktiv: Talaren kjem med tenkt, uverkeleg, mogeleg, ønskjeleg eller andrehands informasjon.
Skiljet mellom indikativ og konjunktiv kan framstillast som eit skilje mellom realis ‘verkeleg’ og irrealis ‘uverkeleg’.
Nokre språk har ein fjerde modus, optativ, som då overtek nokre av funksjonane i eit system med tre modusar. Optativ uttrykkjer noko talaren ønskjer skal bli tilfelle, som i norsk leve kongen.
I somme språk blir konjunktiv nytta om ein fjerde modus attåt indikativ, imperativ og optativ, der dette siste uttrykkjer at talaren ønskjer at det som blir sagt, skal bli tilfelle.
Ei meir presis framstilling av konjunktiv må ta utgangspunkt i særskilde språk, og nedanfor skal vi sjå nærmare på tilhøva i tysk og nygresk. Artikkelen blir avslutta med nokre merknader om norsk og nordsamisk.
Konjunktiv i tysk
Tysk uttrykkjer modus gjennom verbbøying og skil mellom konjunktiv I og konjunktiv II. Konjunktiv I er danna frå indikativ presens og konjunktiv II frå indikativ preteritum, som vist med former i 3. person eintal av verbet gehen ‘gå’ med subjektet sie ‘ho’:
- indikativ presens: sie geht ⇨ konjunktiv I: sie gehe
- indikativ preteritum: sie ging ⇨ konjunktiv II: sie ginge
Konjunktiv I blir mellom anna nytta i ein del faste formuleringar som uttrykkjer ønske og oppmoding, som i denne setninga (lebe er konjunktiv I av leben ‘leve’):
- Es lebe der König!
- ‘Leve kongen!'
Konjunktiv II uttrykkjer at talaren førestiller seg noko som ikkje er tilfelle, som i denne setninga (wäre er konjunktiv II av sein ‘vere’ og gekommen er perfektum partisipp av kommen 'kome'), der talaren får fram at ho/han ikkje kom for seint:
- Heute wäre ich fast zu spät gekommen.
- ‘I dag kom eg nesten for seint’
Konjunktiv II er særskilt vanleg i vilkårskonstruksjonar som uttrykkjer noko uverkeleg (irrealis), som i denne setninga, der talaren ikkje har tid og ikkje blir med (hätte er konjunktiv II av haben 'ha' og käme er konjunktiv II av kommen 'kome'):
- Wenn ich Zeit hätte, käme ich mit.
- ‘Dersom eg hadde tid, hadde eg kome med’
Konjunktiv I blir òg nytta ved indirekte tale, nettopp for å få fram at talaren presenterer andrehands informasjon (wisse er konjunktiv I av wissen 'vite'):
- Er sagt, er wisse den Weg.
- ‘Han seier han veit vegen'
Konjunktiv II kan nyttast i staden for konjunktiv I når konjunktiv I er lik indikativ presens eller når talaren vil uttrykkje at ho/han tvilar på andrehandsinformasjonen (wüsse er konjunktiv II av wissen 'vite'):
- Er sagt, er wüsste den Weg.
- ‘Han seier han veit vegen (men det trur eg ikkje på).’
Konjunktiv i nygresk
Medan konjunktiv i tysk er uttrykt gjennom verbbøying, uttrykkjer nygresk konjunktiv perifrastisk ved hjelp av partiklane να na og ας as, som står føre verbet. Det einaste som kan stå mellom desse partiklane og verbet, er nektingspartikkelen μη(ν) mi(n) og trykkveike pronomen.
I hovudsetning uttrykkjer konjunktiv ønske eller oppmoding:
- Να ζήσει ο βασιλιάς!
- na zísi o vasiliás
- ‘Leve kongen!’
- Να μην τον καλέσουμε.
- na min ton kalésume
- ‘Ikkje lat oss invitere han.’
Konjunktiv blir nytta i leddsetningar etter verb som tyder ‘ønskje’, ‘håpe’, ‘love’, ‘føreslå’, ‘prøve’, ‘kunne, vere mogeleg’, og ‘måtte, vere naudsynt’, sanseverb som ‘sjå’, ‘høyre’, ‘føle’ og ‘førestelle seg’ og verb som tyder ‘byrje’, ‘halde fram’ og ‘slutte’. Her er to døme:
- Ελπίζω να έρθω αύριο.
- elpízo na érθo ávrio
- ‘Eg vonar at eg kjem i morgon.’
- Είναι δυνατόν να μη με θυμούνται;
- íne ðinatón na mi me θimúnde?
- ‘Er det mogeleg at dei ikkje hugsar meg?’
Konjunktivpartikkelen ας as har ein del andre bruksmåtar enn να na, til dømes å uttrykkje eit ønske om at noko ikkje hadde hendt i fortida:
- Ας μην τον άκουγες.
- as min ton ákujes
- ‘Om du berre ikkje hadde høyrt på han.’
Konjunktiv i norsk
Medan konjunktiv var vanleg i norrønt og framleis er det i islandsk, har moderne norsk berre verbformer som kan kallast konjunktiv i ein del faste uttrykk som Leve kongen!, det vere seg og eidar som fa(nd)en skjere, fa(nd)en gale og fanden partere meg. På bokmål har desse konjunktivane same form som infinitiv, medan dei på nynorsk skil seg frå infinitiven, som i motsetnad til konjunktiven også kan ende på -a.
I omsetjingar av Bibelen til dansk, riksmål (det vil seie bokmål før 1929) og eldre bokmål er konjunktiv nytta i Fadervår (Matt 6, 9–13) for å uttrykkje ønske eller ordre – jamfør bokmålsomsetjinga til Bibelselskapet frå 1930, der vorde, komme og skje er konjunktivformer:
- Helliget vorde ditt navn; komme ditt rike; skje din vilje.
I 1 Mos 1 uttrykkjer Gud seg med fleire konjunktivar på både bokmål og nynorsk. I nynorskomsetjinga frå 1978/85 står det:
- Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.
Og på bokmål frå same året:
- Da sa Gud: «Det bli lys!» Og det ble lys.
Nynorsk verte og bokmål bli er her konjunktivformer. Gud nyttar her konjunktiv for å gje ein ordre. Det er eit vanleg fenomen i mange språk at konjunktiv blir nytta for å gje ordrar i 3. person, oftast i mangel av 3. person imperativ.
På nynorsk blir konjunktiv av verbet gje(va) nytta i konjunktiv for å uttrykkje ønske:
- Gud gjeve det er sant!
Imperativen gjev blir nytta med same tyding: gjev det er sant! og gjev eg var i eit varmare land!
Konjunktiv i nordsamisk
Den norske samiskforskaren Konrad Nielsen (1875–1953) skil i Lærebok i lappisk. 1. Grammatikk (Oslo 1926–1929) mellom indikativ, konjunktiv og imperativ i skildringa av det nordsamiske verbsystemet. Det finst to «arter av konjunktiv», nemleg potensialis og kondisjonalis, og i § 463 skriv han:
- I motsetning til indikativ, som er virkelighetens modus, betegner begge arter konjunktiv, potentialis og kondisjonalis, en tenkt handling: potentialis en tenkt handling som mulig gjenstand eller gjenstand for formodning, kondisjonalis en tenkt handling som betinget eller som gjenstand for ønske.
Potensialis kan illustrerast med denne setninga, der gulažat er 2. person eintal potensialis av gullat 'høyre':
- Maid gulažat doppe, de it galgga jáhkkit.
- ‘Kva du enn måtte høyre der, så skal du ikkje tru det.’
– og kondisjonalis med denne vilkårskonstruksjonen, der mávssášin er 1. person eintal kondisjonalis av máksit 'betale' og gáibidivččet er 2. person eintal av gáibidit 'krevje':
- Mávssášin dan, go don gáibidivččet.
- ‘Eg ville betale det om du kravde det.’
(Dei to samiske setningane er henta frå grammatikken til Konrad Nielsen, men rettskrivinga er modernisert.)
Samisk har imperativformer i alle personar og tal, og nyttar 3. person eintal imperativ i Fadervår og i 1 Mos 1 når Gud gjev ordre om at det skal bli lys (jamfør omtalen i avsnittet Konjunktiv i norsk ovanfor).