soleiefamilien – Store norske leksikon (original) (raw)

Soleiefamilien er ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter. I Noreg finnes fleire artar viltvoksande, mellom anna blåveis, kvitveis, tyrihjelm og engsoleie.

Faktaboks

Vitskapeleg namn

Ranunculaceae

Globalt består familien av om lag 60 slekter og 2000 artar. Familien er spreidd over heile verda, men med ei særskild hovudvekt i tempererte og boreale soner av den nordlege halvkula.

Skildring

Dei fleste artane i soleiefamilien er urter og buskar med tokjønna frikrona blomar. Blomane kan ha udifferensiert blomedekke, eller differensiert blomedekke med kronblad og begerblad. Mange av artane, til dømes mogop og ballblom, har nektarproduserande strukturar.

Fruktene innan familien varierer frå belgkapslar (til dømes hjå akeleie, ridderspore, ballblom og bekkeblom) til smånøtter (til dømes hjå soleie, kvitveis og blåveis) og bær (til dømes hjå trollbær).

Bruk

Mange av artane i familien vert dyrka som prydplanter. Fleire av artane er svært giftige.

I Noreg

Det er om lag 18 slekter innan soleiefamilien i Noreg.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta dekkfrøete planter, blomsterplanter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Ranunculales soleieordenen
Familie Ranunculaceae soleiefamilien

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn

Ranunculaceae

Artsdatabanken-ID

103071

GBIF-ID

2410

Kommentarar