pollenallergi – Store medisinske leksikon (original) (raw)
Bjørkeraklar, kjelda til bjørkepollen
Pollenallergi er allergi mot pollen, som er blomsterstøv frå plantar og tre. Pollenallergi er årsak til høysnue, men kan også føre til astma og hudutslett. Typiske årsaker i Noreg er pollen frå bjørk, gras og burot. Symptoma er rennande og kløande nase og auge, og tungpust.
Faktaboks
Pollenallergi er mest vanleg frå femårsalderen. Om lag éin av fem i befolkninga er ramma av pollenallergi. Åtte av ti med astma har pollenallergi, og om lag éin av fem med pollenallergi har astma.
Årsak
Pollenet er samla inn ved LUT Green Campus.
Det finst mange ulike typar pollen, og det er som oftast lett å avgjere arten til planta dersom ein har pollenkornet.
Immunsystemet reagerer med antistoff av typen IgE mot protein i pollenkorn som blir pusta inn. Allergien er difor oftast retta mot pollen frå vindbestøva plantar. Viktige kjelder til pollen som gir allergi, er i Noreg gras og tre med raklar (bjørk, hassel og andre).
Pollenallergi er den mest vanlege forma for allergi. Dette kjem både av den store mengda pollen som vi blir utsette for, av eigenskapar ved proteina (allergena) som blir sette fri frå pollenkorna når dei kjem i fuktig miljø, og av at pollenkorna ikkje berre inneheld allergen, men også andre stoff (adjuvans) som påverkar immunsystemet til å produsere allergiantistoffet IgE.
Variasjon med årstid og geografi
Pollenallergi har sterk sesongvariasjon, fordi pollenproduksjonen følgjer årstida og varer frå berre nokre dagar opp til månader, avhengig av kva plante pollenet kjem frå. Om våren er årsaka til symptoma særleg pollen frå hassel, or, og bjørk, men også andre treslag som salix-familien med selje og vier kan gje allergi. Pollen frå hassel er det aller tidlegaste, og kan i nokre tilfelle komme allereie i januar. Om sommaren er årsaka oftast ulike graspollen, og på ettersommaren og hausten ugrasplanta burot. På hausten kan soppsporar frå plantar som rotnar gje liknande symptom. Om vinteren kan stueplantar gje symptom som ved pollenallergi på grunn av tørka plantesaft i støv. Dette gjeld mellom anna julestjerne og bjørkefiken (Ficus benjamina).
Fordi pollensesongen følgjer årstida, startar han seinare jo lenger nord i landet og dess høgare over havet ein kjem. Etter at pollensesongen er over i lavlandet i Sør-Noreg, kan difor ein pollenallergikar få symptom på nytt om vedkomande reiser til hytta på fjellet eller til Nord-Noreg. Global oppvarming med mildare vintrar gjer at pollensesongen no startar tidlegare og varer lenger enn før.
Graspollen blir spreidd over berre korte avstandar, nokre hundre meter. Trepollen blir derimot spreidd over store avstandar. Bjørkepollen frå baltiske land og Finland kan nå Finnmark.
I land med annan vegetasjon enn det vi har i Noreg, vil andre typer pollen vere viktige. I Italia er, i tillegg til graspollen, til dømes også pollen frå parietaria eller veggurt og oliven viktige årsaker til allergi. I Nord-Amerika er planten ragweed (beiskambrosia, nokre gonger omtala som «amerikansk burot») den viktigaste kjelda til pollen som gir luftvegsallergi. Planten er også komen til Noreg nokre stader. I Japan er det i hovudsak berre éin type pollen som gir allergi, japansk seder.
Pollenvarsel og pollenkalendrar for ulike land vil vise dei viktigaste lokale pollentypane for sesongen.
Pollenkalender. Figuren viser omtrentleg tid for spreiing i ulike landsdelar av dei viktigaste pollensortane og muggsoppsporane som kan gje allergi.
Symptom
Symptoma på pollenallergi er allergisk snue med nysetokt og kløe i nasen og auga, rennande auge, tett nase og klart nasesekret, av og til kløe i halsen og hesheit, astmasymptom og nedsett allmenntilstand.
Diagnose
Diagnosen vert gjord på grunnlag av klinisk undersøking, sjukehistorie med utprega sesongvariasjon, og eit typisk symptombilete. Diagnosen vert støtta av allergitestar, enten prikktest i huda eller måling av allergenspesifikt IgE i serum. Forkjøling kan nokre gonger vere ein alternativ diagnose, og kan særleg i starten gje symptom som liknar dei ein får ved pollenallergi.
Førebygging
Førebygging av symptom ved pollenallergi kan skje på fleire måtar, gjerne med fleire tiltak i kombinasjon:
Unngå pollen
Unngå pollen når det er mogleg. Pollennivået i lufta er høgast på varme, tørre dagar med vind, og toppar seg gjerne i ti-tida på føremiddagen. Unngå sterk fysisk anstrenging ute ved høge pollennivå. Planlegg uteaktivitetar og reiser. Det er pollensesong i fjellet etter at han er over i låglandet, pollensesongen er over i Sør-Noreg når han startar i Tromsø. Det er mindre pollen ved sjøen. Skyll hender, ansikt og eventuelt håret etter å ha vore ute. Kjæledyr får pollen i pelsen når dei er ute. Børst eller skyll pelsen deira. Tettsitjande solbriller og pollenmaske hjelper. Unngå å tørke klesvasken ute, unngå opne vindauge i bil, og i hus anna enn på kveld og natt. Sjekk filter i ventilasjonsanlegg og pollenfilter i bil.
Medisin
Start med medisin ei veke før det kjem mykje pollen i lufta. Antihistamin verkar best om ein startar å ta medisinen nokre dagar før pollennivået er blitt så høgt at ein merkar symptom. Dette gjeld også nasedropar og augedropar med andre aktive stoff enn antihistamin. Sjå avsnittet «Behandling» nedanfor.
Unngå irritantar
For å redusere symptoma bør ein unngå irritantar som sterk parfyme, tobakksrøyk, annan røyk, dieseleksos og anna luftforureining. Slike irritantar, og spesielt dieseleksos, er vist også å auke risikoen for å utvikle pollenallergi og astma, både ved å verke på immunsystemet og ved å verke på trea. Forureining «stressar» trea og får dei til å produsere pollenkorn som inneheld meir allergen og har mindre størrelse, slik at pollenet kjem lenger ned i lungene når vi pustar det inn.
Allergen immunterapi
Dette blir tradisjonelt gjort ved at ein hos lege får injeksjon med låge dosar av det aktuelle pollenallergenet, dosar som etter kvart blir gradvis auka. Dette blir gjort over tre år. Ein vil då kunne oppnå å tåle betydeleg høgare mengder pollen i lufta utan å få symptom, men det vil framleis vere risiko for reaksjon mot store doser pollen. Effekten er godt dokumentert. Allergen immunterapi med smeltetablettar under tunga kvar dag er ein vanlegare metode som for graspollen og bjørkepollen. Tablettmetoden kan, etter oppstart hos lege, gjennomførast heime. Behandlinga tek òg tre år. Effekten er like god som med sprøyter.
Alkohol forverrar allergisymptoma.
Behandling
For å dempe symptoma, er behandling med antihistamin-preparat som tablettar eller mikstur det mest vanlege, ofte med nasespray og augedropar i tillegg. Dersom det er for liten effekt av antihistamin, kan ein prøve inhalasjonspulver eller nasespray med kortikosteroidar. Minstepakningar av antihistaminpreparat og nasale steroid får ein kjøpt på apotek utan resept. Injeksjon med langtidsverkande kortisonpreparat blir ikkje anbefalt på grunn av biverknadane. Start med antihistamin-behandling ei veke før det kjem høge pollennivå, og bruk medisinen regelmessig til pollensesongen er over. Allergikarar får medisin på blå resept ved symptom i minst tre månader i året.
Godt gjennomført behandling er rapportert å redusere risikoen for at pollenallergien skal utvikle seg til astma. Astmasymptom må behandlast med astmamedisin i samråd med lege.
Behandling for å dempe sjølve allergien er allergen immunterapi
Pollenallergikarar kan med legeattest ha rett til forlenga tid på eksamen.
Kryssallergi og reaksjon mot mat
På grunn av likskap mellom allergena i pollen og protein i mange plantar og frukter, vil personar med pollenallergi ofte oppleve allergisymptom ved inntak av mat. Dette vert kalla oralt allergisyndrom og kjem av kryssallergi. Over halvparten av pollenallergikarane vil merke kløe, nummenheit eller opphovning i munnen og svelget når dei et mat frå visse plantar. For eksempel vil bjørkepollenallergikarar ofte reagere mot hasselnøtter, eple og gulrøtter. Typisk vil ein kunne tåle varmebehandla råvarer, då desse kryssallergene proteina er varmelabile.
Allergitesting ved mistanke om pollenallergi vil ofte også gje utslag mot matvarer som ein ikkje får symptom av. For eksempel vil mange bjørkeallergikarar vere testpositive mot peanøtter og soya, utan at dei får symptom frå desse matvarene. Pasienten er då kryss-sensibilisert, men har ikkje kryssallergi. Det er difor viktig at ein matallergidiagnose hos pollenallergikarar først og fremst byggjer på ei grundig sjukehistorie og undersøking hos legen, og ikkje berre på utslag i ein allergitest.