Kieltraktaten – Store norske leksikon (original) (raw)
Kieltraktaten, undertegna i den dåverande danske byen Kiel, 14. januar 1814.
Kieltraktaten. Danmarks gjenpart.
Kieltraktaten er ein fredsavtale underteikna 14. januar 1814 mellom den svenske og den danske kongen. Avtalen gjorde slutt på krigstilstanden mellom Sverige og Noreg, som var del av Napoleonskrigane.
I Kieltraktaten gav Frederik 6. avkall på kongeriket Noreg til kongen av Sverige, for seg og sine etterkommarar. Island, Færøyene og Grønland var ikkje del av avtalen, og vart verande ein del av Danmark. Danmark fikk til gjengjeld svenske Pommern og Rügen, i tillegg til ein million riksdalar.
Kieltraktaten gav startskottet for ein norsk sjølvstendekamp og for eit brot med eineveldet. Ein norsk motstand mot avståinga til Sverige førte til at Riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok den norske Grunnlova 17. mai 1814. I Mossekonvensjonen august same år måtte Noreg godta unionen med Sverige, men utan referansar til Kieltraktaten.
Krig og norsk sjølvstyre
Danmark-Noreg kom i 1807 med i Napoleonskrigane på fransk side, etter ein britisk invasjon av Danmark og tilraning av den dansk-norske flåten. Russland var då del av alliansen. Då tsar Aleksander 1. angreip den svenske kolonien Finland, erklærte difor Frederik 6. krig òg med Sverige, i mars 1808. Krigen vara til desember 1809. Den britiske marinen blokkerte i perioden forsyninga av korn til Noreg og kontakt med Danmark. Hungersnaud oppstod i Noreg, der mange òg døydde av epidemiar som oppstod mellom mobiliserte troppar.
Grunna avsondringa mellom rika oppretta kongemakta Regjeringskommisjonen til å styra i Noreg. Organet gav nordmenn erfaring med sjølvstyre og jobba for ei sjølvstendig utanrikspolitisk line, med ønske om separatfred med Storbritannia og Sverige, utan å vinna fram. Kommisjonen vakta seg samtidig for å utfordra Frederik 6., men då kongen gav ordrar om åtak på Sverige vinteren 1808–1809, følgde ikkje kommisjonspresident Christian August opp.
Erfaringane med krigen og den rigide lina frå Frederik 6. gjorde at fleire i den norske eliten heller søkte eit samarbeid med svenske interesser. Svenskane var på si side rasande over at Finland gjekk tapt, medan kongemakta haldt fram å skriva ut nye troppar og ekstraskattar. I mars 1809 vart Gustav 4. Adolf avsett i eit kupp.
Svenske revolusjonære, som Baltzar von Platen, og representantar for norsk elite, som Herman Wedel Jarlsberg, samarbeidde då om ein svensk-norsk union. Dei fekk Christian August vald som svensk tronfølgar, men han døydde tidleg etter å ha kome til landet. I staden vart ein av Napoleons generalar, som tok namnet Karl Johan, då svensk tronarving. Han kom til å fungera som svensk riksleiar i den siste levetida til den sterkt svekka Karl 2. Frederik 6. hadde då søkt fred med Storbritannia og svenskane gjorde no det same med Russland.
Karl Johan og Noreg
I 1812 braut krigen ut igjen for Danmark-Noreg. Den russiske tsaren hadde ikkje haldt seg til Napoleons fastlandssperring, og den franske keisaren gjekk no til åtak på Russland.
Heller enn å gjenerobra det russiskokkuperte Finland, ønska Karl Johan å erstatta landtapet ved å hærta Noreg. Han slutta difor samband med Sveriges tradisjonelle fiende Russland, som lova støtte til erobringa. At Russland ikkje lengre ønska Danmark-Noreg til å vega opp mot Sverige, var ei sterk svekking av den geopolitiske stillinga til den oldeborgske staten. I 1813 vart den verre, då Storbritannia og Preussen gav sin støtte til Sveriges mål om Noreg, mot at Karl Johan gjekk inn i krigen mot Napoleon.
Ein statthaldar til å styra Noreg var igjen utnemnt i 1809, etter at stillinga då hadde stått tom sidan 1772. I 1813 vart prins Christian Frederik sett inn i stillinga. Ein ny britisk blokade skapte no igjen hungersnaud, som førte til matopprør, medan det norske næringslivet var svært misnøgd med at lisensfarten med Storbritannia opphøyrde. Christian Frederik var karismatisk, spelte opp patriotiske kjensler og bygde støtte hos kritikarar av statsstyret. Hans gunst gjorde at førande norsk elite byrja å vurdera han som konge for eit uavhengig Noreg, eit teikn på at den dansk-norske heilstaten hadde komme i ei svært utsett stilling.
Fred og forhandlingar
Napoleons felttog i Russland var svært mislukka og svekka slagkrafta hans kraftig. I oktober 1813 lei han eit avgjerande nederlag ved Leipzig og måtte trekka styrkane tilbake til Frankrike. Karl Johan førte då sine troppar inn i Danmark og angreip Holstein. Danske troppar kunne ikkje halda stand mot Karl Johans overlegne Nordarmé. 15. desember 1813 gjekk Frederik 6. difor med på å slutta våpenkvile.
Heller enn som del av ein stor europeisk fredskonferanse, fekk Karl Johan då løyst spørsmålet om Noreg gjennom direkte svensk-danske drøftingar. Frå slutten av desember gjekk forhandlingane føre seg i Kiel. Frederik 6. håpa i lengda å ikkje avstå Noreg og på bistand frå britisk og austerriksk diplomati. Den danske militære stillinga var derimot fatal, som framleis alliert med ein sterkt svekka Napoleon, mot stormaktene i Europa. Karl Johan kunne difor i stor grad diktera vilkåra og avslo danske forslag, framsett av diplomaten Edmund Bourke, om berre å avstå Trøndelag. 7. januar 1814 godtok Frederik 6. å avstå Noreg, før andre spørsmål vart avklart og Kieltraktaten så endeleg underskrive 14. januar 1814.
Innhald
Kieltraktaten er sett saman av 28 artiklar.
Overføring av Noreg til den svenske kongen var det sentrale punktet i avtalen. Artikkel fire slo fast at: «Kongen av Danmark frasier seg, så vel for seg selv, som for sine etterfølgere til tronen og til kongeriket Danmark, ugjenkallelig og for bestandig til fordel for kongen av Sverige og for hans etterfølgere til tronen og kongeriket Sverige, alle sine rettigheter og adkomster til kongeriket Norge». Dermed avslutta avtalen det 434 år lange statssambandet mellom Noreg og Danmark. I utkastet ved byrjinga av fredsforhandlingane stod det at Sverige var mottakaren av Noreg, men det vart altså endre til kongen personleg. Karl Johan sikra seg dermed Noreg for sine etterkommarar, sjølv om medlemmar av det førre dynastiet skulle komma tilbake på den svenske trona.
Avtalen gjorde Noreg til ein del av Sverige. Artikkel fire spesifiserte at: «kongeriket Norge [...] skal for fremtiden tilhøre kongen av Sverige med full eiendomsrett og suverenitet, og danne et kongerike forenet med det svenske». Dei gamle norske skattlanda Grønland, Færøyene og Island var derimot «ikke medregnet». Norske krav på desse fall difor bort. Tapet av suverenitet vart stadfesta i 1933, då den internasjonale domstolen i Haag dømde i den såkalla Grønlandssaken.
Det svenske utkastet til traktaten innlemma Noreg fullstendig i Sverige. I den endelege versjonen godtok Karl Johan derimot å verna om ei norsk særstilling, i form av eigne lovar, statlege institusjonar og landegrenser, og han gjekk med på å gje Noreg ein eigen konstitusjon. Artikkel fem i traktaten slo fast at: «Kongen av Sverige forplikter seg på den formeligste og mest forbindende måte, til å la innbyggerne i kongeriket Norge og dets tilhørende deler beholde nytelsen av deres lover, fritagelser, rettigheter, friheter og privilegier slik som de er for nærværende Tid». Kvifor teksten vart forandra, veit vi ikkje. Karl Johan kan ha ønska endringa, etter meldingar om fare for væpna opprør i Noreg. Samtidig ønska britane at det vart teke omsyn til nordmennene sin fridom.
Ved inngåinga av traktaten tok den svenske krona på seg ein tenkt norsk del av danskekongen si statsgjeld, som skulle reknast ut frå folketalet i dei to rika Danmark og Noreg. Fredsavtalen garanterte samtidig 1 million riksdalar til den danske krona for å utrusta styrkar til å kjempa mot Napoleon, men artikkelen vart halde hemmeleg. Skjult vart òg artikkelen som sikra danskekongen personleg eigedomsrett til grevskapet Larvik. I form for vederlag for Noreg overførte traktaten Frederik 6. det tyske landområdet Vorpommern frå Sverige.
Norsk motstand mot Kieltraktaten
Overføringa provoserte i Noreg, ho kom som følgje av ytre omstende. Samtidig oppstod rom for politisk endring. 16. februar vart det halde eit «stormannsmøte» mellom eliten på Austlandet og statthaldar Christian Frederik, som ein reaksjon på traktaten. Her vart ein politikk for norsk sjølvstende meisla ut. Særleg var det motstanden mot eit statssamband med Noregs arvefiende Sverige som mobiliserte mellom folk flest.
Kieltraktaten var uttrykk for gamal fyrstesuverenitet, der eit land vart personleg overført mellom to statsoverhovud. Det norske sjølvstendeopprøret etter stormannsmøtet forfekta folkesuverenitet, der nasjonen skulle styra staten. Påstanden viste tilbake, til undersåttane sin eid ved innføringa av det dansk-norske eineveldet i 1661, som vart hevda oppløyst ved artikkel fire i Kieltraktaten. Men han viste òg fram, til ei folkevalt nasjonalforsamling, slik ho vart innstifta i Stortinget. Svenskane sørga for å gjera løfta om fridom i traktaten godt kjente gjennom flygeblad. For Christian Frederik vart det då vanskeleg å erklæra arvemakt til eit eineveldig norsk kongedøme. I staden overtalte Georg Sverdrup han til å godta eit konstitusjonelt monarki.
Etter fredsforhandlingane var Karl Johan oppteke med hæren på kontinentet. I hans fråvær var den svenske regjeringa veik og nordmennene lukkast i byrjinga å halda planane om ei sjølvstendefråsegn hemmelege. Kort tid etter 17. mai, då arbeidet med Grunnlova var fullført, angreip svenske troppar så Noreg. Krigen varte berre to veker. 14. august underteikna Noreg og Sverige Mossekonvensjonen, der regjeringa og Christian Frederik godtok den svensk-norske unionen. Kieltraktaten vart ikkje nemnd, men konvensjonen anerkjente Grunnlova og eit eige norsk parlament. I november vart Grunnlova difor vedteke med berre dei mest nødvendige endringane for å oppretta ein svensk-norsk union. Christian Frederik måtte då abdisera og Karl 2. vart konge for den nye personalunionen.
Statsrettsleg vart Kieltraktaten aldri godkjent i Noreg. Avtalen sette likevel i gang prosessar avgjerande for utviklinga av det norske demokratiet.