Paraguay – les om historie, språk, politikk – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Offisielt namn

República del Paraguay (spansk) Tetâ Paraguay (guaraní)

Norsk namn

Republikken Paraguay

Hovudstad

Asunción

Statsform

Republikk

Statsoverhovud

Santiago Peña

Landareal

397 300 km²

Totalareal

406 752 km²

Innbyggjartal

7,25 millionar (nasjonalt estimat, 2020)

Offisielt/offisielle språk

Spansk, guaraní

Religion

Katolsk kristendom

Nasjonaldag

14. mai

Landkode (ISO)

PY

Mål og vekt

Metrisk

Valuta

Guaraní à 100 céntimos

Nasjonalsang

Paraguayos, República o muerte

Flagg

Riksvåpen

Paraguay, plassering

Paraguay (mørkegrønt) ligger i Sør-Amerika (lysegrønt).

Plassering av Paraguay med naboland rundt, kart

Paraguay er ein republikk i Sør-Amerika, i innlandet utan kystlinje, med grenser til Bolivia i nord, Brasil i aust og Argentina i vest og sør. På grunn av den geografiske plasseringa på kontinentet, er landet kjent som «Sør–Amerika sitt hjarte». Befolkningstalet er på i overkant av 7,2 millionar per 2021, og hovuddelen av befolkninga bur i den sørlege delen av landet.

Namnet Paraguay har ikkje eit kjent opphav, men stammar truleg frå samansette ord frå guarní; para, 'store elv', og quay, 'som høyrer havet til'.

Opphavleg var Paraguay busett av guaranifolket, fram til landet blei spansk koloni på 1500-talet. Paraguay blei sjølvstendig republikk i 1811. I si historie som nasjonalstat har landet vore prega av autoritære styre og periodar med høg grad av politisk ustabilitet og uro. Ein demokratiseringsprosess ble innleia i 1989, men dei demokratiske institusjonane er framleis skjøre. Sjølv om Paraguay har vore eit av dei landa i Sør-Amerika med sterkast økonomisk vekst dei siste åra, har ikkje den nye velstanden kome befolkninga til gode. Landet slit med korrupsjon, fattigdom og høg arbeidsløyse. Likevel blei paraguayanarane kåra til den lykkelegaste befolkninga i verda i ei undersøking utført av FN i 2015.

Paraguay sin nasjonalsong er Paraguayos, República o muerte! ('Paraguayanere, republikken eller døden!').

Geografi og miljø

Paraguay (plasseringskart)

Paraguay

Paraguay har eit landareal som er noko større enn Noreg. Den nord-sørgåande Paraguay-elva deler naturleg landet i to geografiske hovudregionar med ulik topografi og geologi. Oriental-regionen i aust (også kalt Paraneña-regionen) består av kupert terreng med fruktbart jordbruksland og skog. I den vestlege Occidental-regionen (også kalt Gran Chaco) ligg det tynt befolka området El Chaco, som er eit ugjestmildt slettelandskap med ei blanding av sumpområde, krattjungel og semi-ørken.

Klima i Paraguay går frå subtropisk til tropisk, og har ein våt og ein tørr sesong. Nedbørsmengdene varierer kraftig ulike stader i landet, med mest regn i den austlege Oriental-regionen. Det siste tiåret har Paraguay fått merke klimaendringane i verda, med ei auke i periodar med kraftig regnfall og store og øydeleggande flaumar.

Plantelivet i Paraguay varierer stort mellom dei to hovudregionane i landet. Dyrelivet i Paraguay er rikt. Landet har rundt 650 fugleartar, ulike reptilar og ein rik fiskefauna i elvene.

Folk og samfunn

Mennonittar (2012)

Asunción (2018)

95 prosent av befolkninga i Paraguay er av blanda spansk og guaraní avstamming. Både spansk og guaraní er offisielle språk. Den dominerande religionen i Paraguay er den romersk-katolske.

Folketalet ble i 2021 rekna til i overkant av 7,2 millioner. Landet har ein ung befolkning med ein gjennomsnittsalder på 29,7 år (2020). Forventa levealder ved fødsel er 80,93 år for kvinner og 75,46 år for menn ifølge tal frå 2021.

Befolkningstettleiken er låg, og busetnadsmønsteret særs ujamnt. Mesteparten bur i Oriental-region av landet, nær hovudstaden Asunción. Occidental-regionen, som utgjer 60 prosent av territoriet, er bustad for mindre enn 2 prosent av befolkninga. I eit historisk perspektiv har Paraguay hatt den lågaste urbaniseringsgraden blant dei latinamerikanske landa. Urbaniseringsgraden var på 62,5 prosent i 2021. Paraguay er eit av dei fattigaste landa i Sør-Amerika.

Stat og politikk

Mario Abdo Benítez

Mario Abdo Benítez blei president i Paraguay 15. august 2018.

Paraguay er ein konstitusjonell republikk. Landet fekk ny grunnlov i 1992 som skulle sikre demokratisk maktfordeling og sivile rettar. Presidenten er både statsoverhovud og regjeringsoverhovud med den utøvende makta. Presidenten blir vald for fem år av gongen, og kan ikkje veljast på ny. Paraguay har eit fleirpartisystem, og dei tradisjonelt største politiske partia i landet er Coloradopartiet (ANR) og Dei liberale (PLRA).

Ved presidentvalet 21. april 2013 blei Coloradopartiet sin kandidat Horacio Cartes vald som ny president. Hans partifelle Mario Abdo Benítez vann valet i 2018.

Det paraguayanske forsvaret består av hæren, marinen og flyvåpenet. Paraguay sine internasjonale relasjoner har historisk sett vore nært knytte til USA.

Heimlause under trippelalliansekrigen (1867)

Opphavleg var guaranítalende folk utbreidd over eit stort område med sentrum omkring Paraná med bielver i Paraguay. Området blei spansk koloni i 1537, då hovudstaden Asunción blei etablert. Paraguay erklærte seg som sjølvstendig nasjonalstat i 1811. Landet blei utover 1800-talet styrt av autoritære leiarar. Den første var José Gaspar Rodríguez de Francia, som omforma Paraguay til ein sjølvforsynt nasjon isolert frå omverda.

Trippelalliansekrigen (1865–1870) resulterte imidlertid i katastrofale økonomiske og sosiale konsekvensar for landet. Første halvdel av 1900-talet var prega av politisk uro med hyppige maktskifte og Chaco-krigen (1932–1935).

General Alfredo Stroessner tok makta ved statskupp i 1954, og styrte landet med jernhand fram til han blei avsett i 1989. Hendinga markerte ein overgang frå det som då var Latin-Amerika sitt eldste militærdiktatur til innføringa av demokratiske reformer. Tiåra etter har vore karakteriserte av høg politisk ustabilitet i eit framleis skjørt demokrati.

Økonomi og næringsliv

Paraguay er eit utviklingsland med ein marknadsøkonomi karakterisert av ein stor uformell sektor. Jordbruk, småskalaindustri og handel er hovudnæringsvegar, kor tenesteyting per 2017 utgjorde den største sektoren med cirka 54,5 prosent av BNP. Jordbruksvarer står for om lag 65 prosent av landet sine eksportinntekter, hovudsakeleg soya og kjøt, mais, ris og korn, og økonomien er særs sårbar for svingningar i landbruksproduksjonen og prisar på den internasjonale marknaden. 20,1 prosent av landets eksport er elektrisk kraft (2019).

I 2010 opplevde Paraguay ein økonomisk vekst på over 13 prosent, den største veksten blant landa i Latin-Amerika og den tredje største i verda, hovudsakeleg på grunn av høge prisar på eksport av jordbruksvarer. Veksten i BNP var på 3,6 prosent i 2017.

Paraguay har slutta seg til det latinamerikanske frihandelssamarbeidet MERCOSUR.

Kunnskap og kultur

Takuapu (2021)

Paraguay si kulturhistorie har element av både spansk og guarani kultur og tradisjon, uttrykt gjennom handverk, kunst, litteratur, musikk, mattradisjonar og ulike lokale skikkar.

Paraguay fekk seint sin eigen litteratur på grunn av urolege politiske tilhøve, og forteljarkunsten i landet kan først seiast å ha nådd eit høgare nivå med Gabriel Casaccia (1907–1980) og Nobelpris-nominerte Augusto Roa Bastos etter andre verdskrig. Paraguay har lange tradisjonar for teater.

Paraguayanske massemedium var under Stroessner-regimet underlagt streng sensur. Frå 1989 har landet hatt pressefridom, sjølv om denne retten i praksis framleis ikkje alltid blir respektert. På Reportere utan grenser sin World Press Freedom Index ligg Paraguay på ein 100. plass (2021). All presse er spanskspråkleg, det finst ikkje aviser på guaraní. Kringkastingsverksemda skjer både på spansk og guaraní. Dei siste åra har uavhengige, politiske internettaviser og bloggar blitt viktige alternativ til den tradisjonelle papirpressa.

Historisk sett har utdanningssystemet i Paraguay vore neglisjert, men har etter at demokratiseringsprosessen tok til, gjennomgått store endringar.

Paraguay og Noreg

Den bilaterale politiske og handelsmessige kontakten mellom Paraguay og Noreg er sterkt avgrensa. Noreg har ingen ambassade i landet, men er representert i Paraguay ved ein honorær generalkonsul i hovedstaden Asunción. Paraguay har heller ingen ambassade i Noreg. Den næraste er å finne i Sverige, med sideakkreditering til Noreg.

Noreg importerte varer frå Paraguay til ein verdi av 480 000 amerikanske dollar i 2019. Eksport frå Noreg til Paraguay var på 1,6 millioner dollar. Den einaste norske verksemda i Paraguay er Fresco Norway S.A.

Norske bistandsmidlar til Paraguay var i 2015 om lag 6,7 millioner kroner. I 2021 budde 149 paraguayanske innvandrarar og norskfødde barn med innvandrarforeldre i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)