plomme – Store norske leksikon (original) (raw)
Global produksjon av plomme, 1961-2021
1961 | 6175927 |
---|---|
1962 | 4235145 |
1963 | 5362653 |
1964 | 4507824 |
1965 | 4815891 |
1966 | 5567927 |
1967 | 4902186 |
1968 | 5661091 |
1969 | 6139384 |
1970 | 6144264 |
1971 | 5294943 |
1972 | 5465323 |
1973 | 5433712 |
1974 | 5498904 |
1975 | 4979533 |
1976 | 5451824 |
1977 | 5485760 |
1978 | 5586869 |
1979 | 5227517 |
1980 | 5992332 |
1981 | 5472837 |
1982 | 6623034 |
1983 | 6555136 |
1984 | 6418870 |
1985 | 6558448 |
1986 | 6343140 |
1987 | 6065184 |
1988 | 6579858 |
1989 | 6735080 |
1990 | 6110871 |
1991 | 5908054.4 |
1992 | 6003505.19 |
1993 | 6202012.74 |
1994 | 6319981.54 |
1995 | 6191655.63 |
1996 | 7850683.34 |
1997 | 7780659.56 |
1998 | 7402583.57 |
1999 | 8056773.08 |
2000 | 8404873.16 |
2001 | 8501876.27 |
2002 | 8399756.96 |
2003 | 9800868.57 |
2004 | 9502948.73 |
2005 | 9830383.52 |
2006 | 10524889.94 |
2007 | 9559438.14 |
2008 | 10167712.9 |
2009 | 10766422.63 |
2010 | 10699869.71 |
2011 | 11007174.87 |
2012 | 10839892.28 |
2013 | 11255601.18 |
2014 | 11339169.82 |
2015 | 11612493.42 |
2016 | 11846687.43 |
2017 | 11494837.78 |
2018 | 12251147.56 |
2019 | 12131191.73 |
2020 | 12105278.32 |
2021 | 12014481.73 |
Kilde:FAOSTAT
Plomme er ei underslekt i kirsebærslekta i rosefamilien. Plommeslekta består av 19 til 40 artar av tre og buskar med etande steinfrukter. Den mest kjende arten er plomme (Prunus domestica).
Faktaboks
Også kjend som
Prunus
Prunus domestica
Beskriven av
Årleg global produksjon
12,0 millioner tonn (2021)
Årleg norsk produksjon
2 500 tonn (2021)
Bruk
Dei fleste plommesortar som blir dyrka i Noreg, stammar frå vestasiatisk vanleg plomme eller sviskeplomme, Prunus domestica, og europeisk eller vestasiatisk kreke.
Kirsebærplomme har hatt mindre å seia som opphav til ulike sortar, men er viktig som grunnstamme. Mest brukt som grunnstamme i Noreg er likevel 'St. Julien', som høyrer til Prunus domestica ssp. insititia. Ein del nyare, «japanske» plommesortar stammar frå kapp-plommer (også kalla japan- eller ferskenbladplomme), Prunus salicina, med heimstad i Kina, eller frå kryssingar mellom denne og amerikanske eller andre artar.
Plommer blir ofte brukt til produksjon av brennevin. Brennevinet blir marknadsført under ulike namn, til dømes Mirabelle og Prunelle (Alsace), slivovitz (Aust-Europa) og Quetsch (Alsace og Sveits).
Plommer blir tørka til svisker.
Dyrking
Plommedyrking er vanleg i heile Sør-Noreg til og med Trøndelag. Lenger nord, og i høgareliggjande strøk sørpå, er dyrkinga avgrensa til tidlege, hardføre sortar, gjerne som veggtre. Når trea ber rikt med frukt, er det nødvendig med å tynne karta tidleg og kraftig.
Plommetrea var ofte rotekte, det vil seia at formeiringa skjedde ved rotskot. Dette blir framleis brukt for enkelte sortar, men poding blir vanlegvis føretrekt. Av både myrobalan og 'St. Julien' finst eit utval av klonstammar, ved sida av at frøformerte grunnstammar også blir brukte. Nokre sortar er sjølvsterile, fleire av hovudsortane i Noreg er sjølvfertile. Døme på plommesortar som blir dyrka i Noreg, er 'Edda', 'Mallard', 'Jubileum', 'Opal', 'Reeves' og 'Victoria'.
Historie
Plommedyrkinga er gammal og kom frå Vesleasia over Hellas og Italia til resten av Europa. I Noreg har plommer vore kjende frå 1000-talet, og vi kan seia sikkert at dei vart dyrka frå 1550.
Næringsinnhald
Plommer inneheld noko fruktsukker, stivelse og kostfiber, men elles lite næringsstoff: Cirka 7 milligram vitamin C, 197 milligram kalium, 2 gram kostfiber, 85 prosent vatn og 227 kilojoule tilført energi per 100 gram etande vare.
Plommesortar
Namn | Brukstid | Kvalitet | Fruktstorleik | Pollensort | Andre opplysningar |
---|---|---|---|---|---|
Althans | September | Svært god | Stor, raud-blå, ber ujamt | Opal, Mallard, Victoria | God kvalitet, men vanskeleg å dyrke |
Czar | September | God | Middels, blå, ber rikt | Mallard, Victoria, Opal, sjølvfertil | Må tynnast, hardfør, blir lett angripen av monilia |
Edda | Slutten av august | Svært god | Middels-stor, mørk blå, ber rikt | Opal, Herman, Victoria | Vanskeleg å dyrke, berre på stader med mild vinter |
First | August | God | Liten, gulgrøn med raudt på solsida, ber rikt | Rivers Early, Prolific, myrobalan-plommer | Salicinaplomme, berre på stader med mildt klima og lang vår |
Herman | August | God | Middels, blåfiolett, ber rikt | Edda, Opal, sjølvfertil | Nøysam, svensk sort, tidleg moden |
Jubileum | September | God | Svært stor, raudfiolett med brune prikkar på gul botn | Opal, Victoria | Svensk sort |
Mallard | September | Svært god | Middels-stor, fiolett, ber rikt | Althans, Herman, Opal | Tidleg, berre på stader med mild vinter |
Opal | August–september | Svært god | Middels, raudblå, ber rikt | Czar, Edda, Oullins, sjølvfertil | Må tynnast fordi han ber uvanleg rikt |
Oullins | September | Svært god | Stor, gul, ber rikt | Sjølvfertil, Edda, Opal | Også kalla Reine Claude d'Oullins, villig sort, må tynnast |
Precoce (Mirabelle) | August | Søt, svært god | Svært liten, lys gul, god til middels | Oullins, Opal | Passar i fellesanlegg, kan ristast ned og etast i to til fire veker |
Reeves | Sist i september | God, jamn | Svært stor, gul med raud dekkfarge | Oullins, Opal | Kanadisk |
Rivers Early Prolific | Slutten av august | God | Liten, blå, ber rikt | Althans, Opal, Victoria, sjølvfertil | Må tynnast, utsett for plommepung og midd |
Victoria | September | Svært god | Stor, matt raud, ber svært rikt | Czar Oullins, Opal, sjølvfertil | Ber tidleg, må tynnast, elles blir kvaliteten dårleg |
Største produsentar av plommer og slåpetorn
I statistikkane til FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) blir produksjonstala oppgitt samla for plommer og slåpetorn i tonn. Tala i parentes er plasseringa på lista.
Land | Produksjon 2012 | Produksjon 2002 |
---|---|---|
Kina | 6 022 744 | 4 397 419 (1) |
Romania | 424 068 | 220 638 (4) |
Serbia | 391 485 | 205 371 (7) (med Montenegro) |
Chile | 300 000 | 215 000 (5) |
Tyrkia | 297 026 | 200 000 (8) |
Iran | 295 000 | 145 000 (12) |
USA | 229 731 | 667 601 (2) |
India | 215 000 | 90 000 (16) |
Frankrike | 209 302 | 246 376 (3) |
Spania | 205 300 | 210 900 (6) |
... | ||
Noreg | 1 102 (73) | 1 739 (71) |
Kjelde FAO-stat (juni 2014).
Systematikk
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Rosales | roseordenen |
Familie | Rosaceae | rosefamilien |
Slekt | Prunus | kirsebærslekta |
Art | Prunus domestica | plomme |
Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).
Les meir i Store norske leksikon
Faktaboks
Prunus domestica
Artsdatabanken-ID
GBIF-ID