dativ – Store norske leksikon (original) (raw)
Dativ er i grammatikken ein kasus som typisk blir brukt ved setningsledd som viser til ein mottakar eller den handlinga skjer til fordel for — eventuelt til ulempe for.
Faktaboks
Uttale
dˈativ
av latin (cāsus) datīvus, der datīvus er avleitt frå verbet dare ‘å gje’
I språk med dativ blir denne kasusen brukt ved leddet som tilsvarer mannen i desse norske setningane:
- Mottakar: Ho gav mannen boka.
- Den noko skjer til fordel for: Ho synte mannen boka.
Setningsleddet med dativ er ofte eit indirekte objekt.
Her er dei tilsvarande islandske setningane, med dativforma manninum av substantivet maður 'mann':
- Hún gaf manninum bókina.
- Hún sýndi manninum bókina
På tysk finn vi dativforma dem Mann i dei tilsvarande setningane:
- Sie hat dem Mann das Buch gegeben.
- Sie hat dem Mann das Buch gezeigt.
På latin er hominī dativ av homō 'mann':
- Dedit hominī librum. 'Ho/han (dedit) mannen (hominī) boka (librum)'
- Ostendit hominī librum. 'Ho/han synte (ostendit) mannen boka.
Dativ i påstadsuttrykk
I mange språk har dativ også andre bruksmåtar. Mellom anna blir dativ brukt ved påstadsuttrykk, mens akkusativ blir brukt ved tilstadsuttrykk, som i desse islandske setningane, der bílinn er akkusativ og bílnum er dativ av bíll 'bil'. Både bílinn og bílnum står etter preposisjonen í 'i':
- Hún setti bókina í bílinni. 'Ho la boka i bilen.'
- Bókin er í bílnum. 'Boka er i bilen.'
Norsk har ikkje levande dativ, men likevel uttrykkjer vi oss slik:
- Vi fell i søvn.
- Vi går i søvne.
Dativ i norsk
Norsk skriftspråk har ikkje dativ. Det norrøne systemet med fire kasus (nominativ, akkusativ, dativ og genitiv) har forsvunne, og funksjonane til kasusa er overtekne av leddstilling (rekkjefølgja på setningsledda) og preposisjonar.
Men ei ending -e, som opphavleg uttrykte dativ, finst i mange faste uttrykk på substantiv etter ein preposisjon:
- i live
- av garde
- gå mann av huse
- i tide, på tide
- i hende
- for fote, på fote
Dativ i norske dialektar
Dativ var den kasusen som overlevde lengst i norsk. Kasusa fall gradvis bort: først genitiv, så akkusativ, så dativ.
Dativ ved substantiv i bunden eintal og fleirtal har vore eit karakteristisk drag ved nokre norske dialektar fram til våre dagar, i området frå grensa mot Nordland gjennom det indre av Trøndelag til Nordhordland og Voss og til Hallingdal, Toten, Hedmark og Solør. I dag ser denne dativen ut til å vere på veg ut; dei fleste stader er han berre i bruk mellom eldre folk.
Desse setningane, her skrivne med tilnærma standardisert rettskriving, viser ein bruk av skiljet mellom dativ og nominativ som er vanleg i dei dialektane som har teke vare på dette kasusskiljet:
- Han Ola går ned på vegen. (Ola går nedover mot vegen.)
- Han Ola går nedpå vega. (Ola er nede på vegen og går bortover.)
Hankjønnsordet veg har mange stader suffikset -en i bunden nominativ eintal og suffikset -a i bunden dativ eintal. Nominativ blir brukt etter ein preposisjon for å uttrykkje rørsle mot eit mål, medan dativ blir nytta etter ein preposisjon for å uttrykkje at noko(n) er på ein stad.
For bunden dativ fleirtal er -om det vanlegaste suffikset — jamfør Twist oppi dalom, tittelen på ei plate som den kjende norske songaren Sølvi Wang gav ut i 1962.