julerose – Store norske leksikon (original) (raw)
Julerose (Helleborus niger) er ei fleirårig urt i juleroseslekta i soleiefamilien. Planta blømer med store kvite blomar rundt juletider i Sør-Europa, der ho veks vilt. I Noreg vert planta dyrka som prydplante, og blømer når snøen har gått, ofte frå februar til april. Planta er svært giftig.
Faktaboks
Også kjend som
Nyserot
Helleborus niger
Beskriven av
Skildring
Julerose er ei 15–30 centimeter høg opprett staude med handflika, vintergrøne blad. Planta har ein svart, kraftig jordstengel. Blomane er insektspollinerte og består av fem kvite begerblad som kan bli opptil åtte centimeter store, og mange små, røyrforma kronblad som er omdanna til nektarier. Blomane har mange pollenberarar og fruktblad. Fruktene som vert danna er belgkapslar som inneheld mange frø.
Dyrking og bruk
I Noreg har julerose dei siste åra blitt ei svært populær juleplante.
Den vert dyrka som prydplante, og ei rekkje hybridar mellom julerose og nære slektningar har blitt kryssa fram.
Både jordstengelen og blada til julerosa har vore nytta i medisin heilt tilbake til oldtida. Planta har mellom anna vore brukt som avførings- og brekkmiddel, mot mentale sjukdommar, som hjartemedisin og som abortmiddel.
Utbreiing
Julerose er opphavleg frå Sør- og Sentral-Europa, og vert dyrka som prydplante i hagar, inkludert i Noreg.
Veksestad
Julerose er opphavleg frå fjellområder i Sør- og Sentral Europa, der ho finst i skoglandskap. Her veks ho i kalkrik, porøs, godt drenert jord, ofte i skuggen i gran-, bjørke-, eike- og bøkeskog.
I hagar føretrekker planta kalkrik, næringsrik, veldrenert jord, men ho kan òg vekse i vanleg hagejord. Julerose er herdig til H5 med lett vinterdekke. Planta trivst best i halvskugge. Ho toler godt vårsol, men bør ha skugge for sommarsola. Planta kan formeirast ved frø og ved rotdeling.
Systematikk
Nivå | Norsk namn | Vitskapleg namn |
---|---|---|
Art | Julerose | Helleborus niger |
Slekt | Juleroseslekta | Helleborus |
Familie | Soleiefamilien | Ranunculaceae |
Orden | Ranunculales | |
Klasse | Tofrøblada planter | Dicotyledoneae |
Rekke | Dekkfrøa planter | Angiospermae |
Rike | Planteriket | Plantae |
Giftinformasjon
Heile planta, og særskild jordstengelen, er giftig. Julerose inneheld mellom anna fleire glykosid, som har hjartestimulerande verknad. Giftinformasjonen bør kontaktast ved mistanke om at barn eller kjæledyr har fått i seg julerose.
Les meir i Store norske leksikon
Ekstern lenkje
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Randers, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Botanisk hage, Århus, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Randers, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Botanisk hage, Århus, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Botanisk hage, Århus, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Hobro, Jylland, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Randers, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Randers, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Randers, Danmark
Helleborus niger, julerose. Foto fra: Botanisk hage, Århus, Danmark
Faktaboks
Helleborus niger
GBIF-ID