Myllarguten – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Myllarguten
Torgeir eller Tarjei Augundsson. Også kalla Myllaren, Møllaren, Myllarungen og Stormylnaren
Fødd
3. mai 1799, Sauherad
Død
21. november 1872, Rauland
Verke
Hardingfelespillemann
Familie
Foreldre: Smed og spillemann Ole Knutsen Bonge (Møller) (1756–1836) eller møller Augund Torgeirson (1772–1842) og Gunnhild Sigurdsdatter (1776–1813; fra 1801 gift med Augund Torgeirson).
Gift 7.8.1830 med Ingebjørg Rikardsdatter Edands-Haugen (1806–85).
Torgeir Augundsson, betre kjend som Myllarguten, er ein av Noregs mest kjende hardingfelespelarar gjennom tidene. I 1849 vart han den første spelemannen som gav ein konsert frå ei offentleg scene då han spelte i Frimurerlogen i Kristiania. I Vest-Telemark lever det framleis ein sterk slåttetradisjon etter han.
Kallenamnet
Myllarguten sitt eigentlege namn var Torgeir eller Tarjei Augundsson. Den biologiske faren til Augundsson var truleg Ole Knutsen Borge (Møller). Mora gifte seg så i 1801 med møllaren Augund Torgeirsson, og Torgeir blei døypt same året. Namnet «Møllarguten» (eller «Møllarungen», «Møllaren») var såleis eit kallenamn som hadde oppstått før dåpen. Det hadde ikkje med stefaren sitt møllaryrke å gjere, men med namnet til den biologiske faren hans, som hadde tyske forfedrar. Former på «myllar-» skal ha oppstått seinare i Vest-Telemark, som blei heimdistriktet hans frå 1830 av.
Læreår
Augundsson var truleg fødd i Sauherad i Telemark i 1799 og døydde i 1872 i Rauland i Vest-Telemark. Augundsson skal ha laga seg ei fele som fireåring og spelte frå åtteårsalderen av i bryllaup, på auksjonar og etter kvart på marknader i Telemark. Stefaren hans spela fele, men det var Mattis Flathus som blei den første læremeisteren hans. Seinare lærte han slåttespill av fleire av dei fremste spelemennene i Telemark på denne tida, spesielt Øystein Langedrag frå Seljord og Jon Kjos (Kvammen, Vestafæ) frå Åmotsdal. Han vart dessutan kjend med telemarkingane Håvard Gibøen frå Møsstrond og Knut Luraas frå Tinn.
I 1820-åra drog Augundsson første gongen til Hardanger og Voss, der han lærte slåttar av spelemenn som Nils Rekve og Per Bulko. Med tida skal det ha blitt 30 reiser vestover til Hardanger, og han førte ei stor mengd slåttar frå Hardanger og Voss inn i telemarksrepertoaret. Som ung vart han snart kjend som ein framifrå spelemann, ikkje minst gjennom tallause kappspel der han reiste, og han tok snart til å turnere i Telemark, på Sørlandet og på Vestlandet, inkludert Ryfylke.
Augundsson fekk ei rekkje speleoppdrag både på Vestlandet og i mange austlandsbygder. I 1831 vart han kjend med fiolinisten Ole Bull under ei av reisene til Vestlandet. Han vart invitert til å vitje Bull og opptre saman med han på heimstaden Valestrand på Osterøy. Kontakten med Ole Bull førte mellom anna til at han moderniserte spelet sitt, særleg tonaliteten.
Konsertartisten
Augundsson var den første hardingfelespelaren som heldt konsertar frå ei offentleg scene. Den mest suksessfylte perioden hans som spelemann var åra 1830–1850. I 1849 arrangerte Ole Bull ein stor konsert med Augundsson i Frimurerlogen sitt store festivitetslokale i Kristiania. I 1850 var det igjen Bull som stod bak konserten til Augundsson ved opninga av Bergen theater. Slik ville Bull vise publikumet i hovudstaden kva norsk folkekunst, og særleg hardingfelespelet frå Telemark, var verd. Mange frå kultureliten var til stades, og konserten vart ein formidabel suksess med ei rekkje begeistra meldingar.
Dei neste fjorten åra reiste Augundsson rundt og gav konsertar over heile Sør-Noreg. Ei ny konsertferd til Austlandet og Trondheim i 1854 var ein suksess kunstnarleg, om ikkje økonomisk. I Kristiania veksla Bull og Augundsson på å spele høvesvis eigne komposisjonar og lydarslåttar. Trass i noko sprikande mottaking vekte Augundsson stor merksemd i ein periode med sterke nasjonalromantiske straumdrag. Seinare konsertar saman med Ole Bull i Kristiania i 1858 og i 1862 slo derimot langt mindre an. Augundsson drog òg til København i 1862 og heldt konsertar i Sverige på vegen dit, men publikum her hadde endå større vanskar med å forstå musikken hans. Han heldt den siste konserten sin i Kristiania i 1864, og etter dette spelte han berre i Telemark og i dei nærliggjande områda.
For konsertinntektene kjøpte han seg i 1852 ein gard i Rauland. Han var ein dårleg gardbrukar og måtte gå frå garden igjen i 1865 på grunn av gjeldsproblem. Han døydde i stor fattigdom i Rauland i 1872 av tuberkulose.
Myllarspelet
Myllarguten og «Myllarspelet» etter han har ein heilt sentral plass i historia til hardingfelemusikken. Han bygde ut slåttane til eit større format, sidan han som konsertspelemann trong eit anna repertoar enn dei kortare og ofte namnlause slåttane som ein vanlegvis brukte til det tradisjonelle dansespelet. I tillegg gjekk han langt i retning av å erstatte den eldre tonaliteten i slåttane med durtonalitet. Han har såleis fått ord på seg for å ha forma om telemarkspelet til dagen form.
Augundsson komponerte fleire slåttar sjølv, i tillegg til at han omarbeidde overlevert materiale i stort mon, enten ved å byggje det ut med nye parti eller ved å setje saman ulike variantar av same slåtten til ein ny variant. Slåttar som gjerne blir knytte til namnet hans, enten som utbygde, ombygde eller nyskrivne, er «Myllargutens draum», «Myllargutens bruremarsj» og «Siklebekken». Slåtten «Myllargutens minne» stammar derimot frå Hardanger, som der ber namnet «Seksaren».
Augundsson var den første til å nytte dobbeltgrep på hardingfele, og han utvikla ein avansert ornamentikk. Etter kvart gjekk han òg over til å bruke fiolinboge, som er lengre enn tradisjonelle felebogar, noko som gjorde det mogleg med eit kraftigare uttrykk. «Myllarspelet» er ifølgje Eivind Groven kjenneteikna av durtonalitet, i motsetning til hos Håvard Gibøen, der naturtonalitet dominerer i større grad. Utviklinga mot temperert durtonalitet hos Augundsson kan kome av påverknad frå vestlandsslåttar og frå Ole Bull. Ei anna mogleg kjelde i denne samanhengen er læremeisteren hans, Øystein Langedrag, som ifølgje Groven innleier «Myllarlina». Langedrag spela òg på vanleg fele og dessutan på klarinett, kunne notar og hadde gjennom militærteneste kome i kontakt med svenske musikarar.
Arven etter Myllarguten
Fleire av slåttane etter Augundsson er skrivne ned på notar og publisert, både i Augundsson si levetid og i ettertid. Tsjekkaren Carl Schart, som kom til Noreg i 1830, gav i 1865 ut ei samling slåttar med tittelen VIII norske Slaatter for Hardangerfele. Nedskrevet etter Myllargutens Diktat. I 1924 gav sonen Torgeir Torgeirson ut ein serie slåttehefte kalla Møllarguttens Slaatter.
Myllarguten sitt tippoldebarn Tarjei Romtveit og tipp-tippoldebarnet Øystein Romtveit er blant spelemennene i Vest-Telemark som har ført Myllarspelet vidare. I tillegg tok sonen Torgeir Torgeirson opp arven etter faren og reiste rundt i landet i fleire år som konsertspelemann.
Eit monument over Myllarguten, utført av Hans Holmen, vart avduka på Nordagutu jernbanestasjon i 1940. Eit anna, utført av Dyre Vaa, vart avduka i Arabygdi i Rauland i 1969. Myllarguten sin heim Kåsi i Arabygdi er i kommunen sitt eige og blir mellom anna brukt til oppføringane av Myllargutspelet.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Rikard Berge: Myllarguten. Oslo 1908
- Arne Bjørndal og Brynjulv Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon. Bergen 1966
- Olav Kvaalen (red.): Soga om Myllarguten i poesi og prosa. Bø i Telemark 1972