fullvokal – Store norske leksikon (original) (raw)
Ein fullvokal er ein vokal som ikkje har blitt utsett for vokalreduksjon, og omgrepet er mest brukt om dei tydelege vokalane i bøyingsformer. Dei vanlegaste fullvokalane i norsk er -a, -i og -u.
V okalreduksjon er når ein vokal i ei trykklett staving (til dømes i ei bøyingsform) blir redusert til ein -e (oftast -ə), som er ein midttungevokal med slapp tungestilling. Ein slik redusert vokal er sentralt plassert i vokalfirkanten.
Fullvokalar i norrønt
I norrønt var det i bøyingsformer berre tre tydelege fullvokalar (-a, -i og ‑u), for eksempel i ord som hestar, skálir og vísur.
Vokalen -u i norrønt låg nærmare -o enn i moderne norsk.Endingsvokalen -i kunne i norrønt også bli realisert som -e, og endingsvokalen -u kunne bli realisert som ein -o avhengig av vokalen i hovudstavinga av ordet.
Bøyingsformer i dialektene (fullvokalane -a, -i, -u).
Vokalen /a/ i bøyingsformer
I det sørvestnorske dialektområdet som strekker seg frå Vest-Agder til Indre Sogn, og bli kalla a -mål, blir fullvokalen -a brukt i infinitiv av verb og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal: å kjøpa, å skriva, å lesa og ei trøya, ei kista, ei stova. Vokalen -a blir også brukt i nokre adjektivformer: det stora huset, den fina kyrkja.
I tradisjonelle austnorske dialekter blir fullvokalen -a brukt i infinitiv av jamvektsorda: å vær(r)a, å gjør(r)a, å kåmma og i ein del hankjønnsord av jamvektstypen: ein hana, ein hara, ein stega.
I ubestemt form fleirtal av hankjønnsorda blir a-en framleis brukt i store delar av Noreg, det heiter då fleire båtar og bilar eller fleire båta og bila (utan r_-ending). I vikværske dialekter heiter det i ubestemt fleirtal hestær og bilær. I språksystemet svarer endinga -ær her til -ar i nynorsk,_ og skil seg frå -er i dialekta: båtær, men skåler.
Vokalen /i/ i bøyingsformer
Fullvokalen -i har i dei fleste dialektene blitt redusert til -e (-ə ). Det heiter då husə(t) i bestemt form eintal, og i fleirtal finn ein former som gjestə(r), skålə(r). Dette er bøyingsformer der norrønt hadde endingsvokalen -i: húsit, gestir, skálir.
Fullvokalen -i i norrønt står også ved lag som endingsvokal i partisippet av sterke verb i delar av austnorsk og trøndersk: har finni, har brøti og har kømmi. Bestemt form eintal av sterke hokjønnsord og bestemt form inkjekjønn fleirtal har _i_-ending i Vest-Telemark, Valle i Setesdal og i Indre/Midtre Sogn: soli, døri, sengi og alle husi, alle dyri og alle fjelli.
Vokalen /u/ i bøyingsformer
Fullvokalen -u finn ein i dag i austnorsk i ubestemt form eintal av svake hokjønnsord av jamvektstypen, i ord som ei viku, ei furu, ei smiu. Alle dei svake hokjønnsorda har i midlandsmålafullvokalen -u i ubestemt form fleirtal: fleire visu(r), fleire kistu(r) og fleire jent(u)r. Same systemet finn ein også i mange trønderske dialekter_._ Innanfor nokre av desse områda blir endinga ‑u(r) uttalt som ‑o(r): viso(r) og kisto(r) (Valdres).
I vestnorsk og nordnorsk er endingsvokalen -u til vanleg redusert til -e (-ə ): fleire veke(r), fleire vise(r), fleire kiste(r). I delar av nordnorsk (Nordland) kan denne vokalen vera apokopert: fleir vis, fleir kån (koner).
Nokre dialekter har vokalen /é/ som fullvokal i bøyingsformer
I tillegg til vokalane -a, -i og -u i bøyingsformer (sjå ovanfor), kan også vokalen -e opptre som ein distinkt og klar fullvokal (-é). Dette finn me eksempel på i nokre midlandsmål. Der heiter det til dømes i infinitiv å kjøyre, med vanleg reduksjonsvokal -e (-ə), medan presens av e-verba har fullvokalen -é (trong -é): eg kjøyré, eg tenkjé.
Ein slik trong -é finn ein i midlandsmåla også i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord: den bygdé, den døré – og i bestemt form fleirtal av inkjekjønnsorda: alle husé, alle fjellé.
Fullvokalar i skriftmåla
Nynorsk
I nynorsk er det tradisjon for bruk av fullvokalar i bøyingsendingar. Ivar Aasen brukte i landsmålet fullvokalar i til dømes substantivbøyinga. Han sette opp dette systemet:
Eintal ubest. | Eintal bestemt | Fleirtal ubest. | Fleirtal bestemt |
---|---|---|---|
ein arm | armen | armar | armarne |
ei skål | skåli | skåler | skålerna |
ei visa | visa | visor | visorna |
eit hus | huset | hus | husi |
Legg merke til fullvokalen -a i fleirtal av hankjønnsorda (armar) og vokalen -i i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord (skåli) og i bestemt form fleirtal av inkjekjønnsorda (husi). I fleirtal av dei svake hokjønnsorda brukte Aasen endingsvokalen -o (visor) for å spegla att endingane -ur og ‑or i dialektene.
Arne Garborg og Rasmus Flo la i 1899 fram ei ny skriftnorm for nynorsken, som blei kalla «midlandsnormalen». Denne norma blei vedtatt som sideform til bruk av elevane i skulen. Det mest karakteristiske med midlandsnormalen var «den norske triklangen», som refererte til endingar med dei tre fullvokalane -ar, -ir og -ur i fleirtal av substantiva: fleire hestar, skålir og visur. Svake hokjønnsord av jamvektstypen fekk i midlandsnormalen denne bøyinga: ei sogu – den sogo – fleire sogur – alle sogune.
Nynorsk har halde på fullvokalen -a som ending i infinitiv, sidestilt med -e: å kjøpe eller å kjøpa. Også kløyvd infinitiv blir nytta på nynorsk, som valfritt system: å kjøpe, men å vera.
Formene med -i og -ur i hokjønnsord, typen den bygdi (bestemt eintal) og fleire visor (ubestemt fleirtal) blei brukte i nynorsk til ut på 1900-talet. I 1917 kom formene den bygda og fleire viser inn som valfrie former, ved sida av bygdi og visor. I 2012 vart formene bygdi og visor tatt ut av nynorsknormalen, og einaste bøyingsformer i hokjønn vart då ei bygd – den bygda og ei vise – fleire viser – alle visene.
Bokmål
I bokmål har fullvokalane -a, -i og -u vore lite nytta som endingsvokalar.
I 1917 kom likevel former på -a inn i bokmål som sideformer i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord og i bestemt form fleirtal av inkjekjønnsorda: den bygda og alle husa. Etter 2005 har desse formene vore fullt likestilte. Ein kan nå i bokmål skriva valfritt bygda eller bygden, sola eller solen, og tilsvarande husa eller husene, dyra eller dyrene.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Beito, Olav T. (1986): Nynorsk grammatikk. Oslo: Det Norske Samlaget.
- Kolsrud, Sigurd (1974) : Nynorsken i sine målføre. Oslo: Universitetsforlaget.
- Skjekkeland, Martin (1997): Dei norske dialektane. Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand: Høiskoleforlaget.
- Torp, Arne og Vikør Lars S. (2003): Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo: Gyldendal.
- Venås, Kjell (1990): Norsk grammatikk : nynorsk. Oslo: Universitetsforlaget.
- Vinje, Finn Erik (1978): Et språk i utvikling. Oslo: Aschehoug.