jamvektsloven – Store norske leksikon (original) (raw)

Infinitivsendingar

Jamvektslova er ein språkleg regel som forklarer kvifor mange norske dialektar har to typar tostavingsord. Desse to ordtypane får som regel ulik vokal i endinga. Eit døme er dei aust-norske infinitivane å væra (med _a_-ending) og å kaste (med _e_-ending).

Faktaboks

Også kjend som

jamvektsregelen, jamvektsloven

Historisk grunnlag

Det historiske grunnlaget for jamvektslova er at det i gammalnorsk var ulik lengd i rota av tostavingsord (ulik kvantitet). Rotstavinga kunne vera lang (eventuelt overlang) eller kort. Kort var ho når ein kort rotvokal berre hadde éin konsonant mellom seg og vokalen i endestavinga, til dømes i infinitiv av ord som vera, fara og sova. Lang var rotstavinga i alle andre tilfelle. Som døme på gammalnorske langstava ord kan ein nemne infinitivane bíta og kalla (anten vokalen eller konsonanten var lang). Ord som hadde overlang rotstaving, var til dømes rétta og freista (lang vokal/diftong pluss lang konsonant eller konsonantsamband).

Jamt trykk på rot- og endestaving

Med ulik lengd på rotstavingane følgde òg ulik trykkplassering på dei to stavingane. Orda med kort rotstaving hadde jamt trykk fordelt på rot- og endestaving og blir kalla jamvektsord, til dømes kåmma, såva, værra. Det er infinitivar av denne typen som i dag endar på -a i austnorske dialektar_._ Alle dei andre infinitivane (med lang rotstaving) ender i dag på -e i austnorsk (med unntak av gå, slå, sjå, tru, bu og så vidare). Orda med lang eller overlang rotstaving hadde hovudtrykket på første stavinga og blir kalla overvektsord.

Namn etter trykkforholda i tostava ord

Omgrepet jamvektslova har fått namnet sitt etter dei spesielle trykkforholda som var typiske for dei tostava jamvektsorda i gammalnorsk tid. Som vist ovanfor går jamvektslova ut på at ord med kort rotstaving (jamvektsorda) beheldt den opphavlege utlydvokalen -a, som i infinitivane væra og såva. Forklaringa på dette er truleg at den jamne trykkfordelinga på rot- og endestavinga i ord av denne typen må ha halde seg i talemålet ganske lenge. Rotvokal og endingsvokal i jamvektsorda har på ein måte «jamna seg» etter kvarandre.

Orda med lang rotstaving (dei såkalla overvektsorda) fekk ei anna utvikling ved at kvaliteten på endevokalen vart svekt til ei trykklett ‑e (oftast ), døme å kastə, å bitə, å _skrivə .

Trykkforholda har endra seg

I dag er den jamne trykkfordelinga i dei gammalnorske jamvektsorda borte. Dei har i dag fått hovudtrykk på rotstavinga, slik overvektsorda hadde i gammalnorsk, og har i dag. Me kan altså no ikkje høyra om eit ord var jamvektsord i gammalnorsk. Det er berre endevokalen som i austnorske og trønderske dialektar fortel oss om det aktuelle ordet var jamvektsord eller overvektsord i gammalnorsk.

Ordgrupper med «kløyvd ending» i dag

Tre viktige ordgrupper hadde ein slik kvantitets- og trykkstruktur i gammalnorsk at jamvektslova kløyvde dei i to: jamvektsord og overvektsord. Det gjeld i dagens austnorske dialekter:

  1. infinitiv av verb, med motsetnader som å fara, å værra, å kåmma (jamvektsord) mot å kaste, å bite og å skrive (overvektsord)
  2. ubestemd form eintal av svake hankjønnsord, med former som ein hana og ein hara (jamvektsord) mot ei bakke og ein låve (overvektsord)
  3. ubestemd form eintal av svake hunkjønnsord, med former som ei viku og ei smiu (smie) (jamvektsord) mot ei vise og ei kiste (overvektsord)

Dei bevarte endingsvokalane -a og -u i substantivformene (ein hana og ei viku) går tilbake på gammalnorske kasusformer utanfor nominativ, til dømes gammalnorsk akkusativ viku og hana.

Dialektområde

Verknadene av jamvektslova kan sporast i tekstar frå 1200-talet og delvis endå tidlegare. Innanfor det norske dialektområdet er jamvektslova gjennomført i hovudområdet austnorsk, som betyr på Austlandet og i Trøndelag.

I nokre dialektar heilt sør i Nordland fylke finn me spor av jamvektslova, men hovudregelen er at vestnorske og nordnorske dialektar ikkje følgjer jamvektslova.

Saman med tjukk l blir jamvektslova rekna som det tydelegaste kjennemerket på austnorske dialektar (austlandsk og trøndersk).

Grensa for jamvektslova i Sør-Noreg følgjer ei linje som går mot nordvest frå Langesundsfjorden, sør og vest for Bykle i Setesdal og følgjer Langfjella vidare nordover. Nordafjells går grensa mellom Romsdal og Nordmøre (slik at Nordmøre har jamvektslova, men ikkje Romsdal).

Det trønderske målområdet strekkjer seg i nord til grensa mot Nordland. Bygda Bindal heilt sørvest i Nordland har likevel trøndersk jamvektsmål. Andre stader sør i Nordland finn me også spor av jamvektslova, det gjeld i Rana, Hemnes, Hattfjelldal, Grane og Brønnøy (sjå artikkelen dialektar i Nordland).

I utkantane av det norske målområdet som følgjer jamvektslova, gjer denne «lova» seg litt mindre gjeldande, særleg i substantiv. I den aller sørlegaste delen av Østfold følgjer ikkje dialektane jamvektslova (har ikkje jamvektsmål), men har endinga -e i alle infinitivar.

Eitt svensk område går dialektgeografisk saman med det austnorske området, der jamvektslova verkar.

Kløyvd infinitiv

Det austnorske systemet der endingane i infinitiv kan veksla mellom -e og -a i språket til éin og same person (å væra – å kaste), er eit resultat av jamvektslova. Dette systemet blir kalla kløyvd infinitiv.

I austnorske dialektar er det 200–300 verb av jamvekttypen som vil få _a_-ending i systemet kløyvd infinitiv. Dei andre verba vil få _e_-ending. Døme på verb som tradisjonelt ofte vil ha _a_-ending, er: baka, eta, fara, flytta, gjera, gjeva, hata, klaga, kunna, lesa, lova, rydja, seia, sitja, skjera, sova, stela, tapa, telja, velja, veta, veva og andre.

Dei trønderske dialektene høyrer inn under austnorsk målområde og har i samsvar med dette jamvektslova. Men i delar av Trøndelag, særleg i dei inntrønderske dialektene, vil det finnast mykje jamning av vokalane, som då gir særmerkte former.

Typiske inntrønderske jamningsformer i jamvektsorda er: å vårrå (vera), å våttå (vita), ei vukku eller vokko (veke), ein nåvvå (neve), ein ståggå (stige). I Indre Namdalen heiter det varra, vatta, ei vokko, ein navva (neve), ein stagga og så vidare. Ei setning frå inntrøndersk vil dimed kunna lyda slik: «han tok båttan i nåvvån å skråvva oppi ståggån» (han tok beten i neven og skreva oppi stigen). Dette blir kalla utjamning.

Kløyvd infinitiv er alternativ infinitivsform i den nynorske skriftnormalen.

Nyare utvikling

Dei siste tiåra har ein sett ei gradvis dialektutvikling på Austlandet mot eit meir regionalt austnorsk talemål. I dette nye regionalmålet er jamvektsorda på retur. Fleire av dei unge seier i dag å kåmme, å være, å jøre, der dei eldre seier å kåmma, å værra og å jørra og så bortetter. Dei svake hankjønnsorda mistar _a_-endinga. Det blir no sagt ein hane, ein stige, ein hare, mot før ein hana, ein stega, ein hara. Når det gjeld hokjønnsorda, så høyrer ein nok på Hedmarken framleis former som ei viku og ei stugu, men lenger sør på Austlandet er formene ei veke / ei uke og ei stue det vanlege.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar (2)