kirsebærplomme – Store norske leksikon (original) (raw)
Kirsebærplomme
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Kalø Vig, Djursland, Danmark
Kirsebærplomme er ein plommesort i rosefamilien som opphavleg stammar frå Balkan og Vest-Asia.
Faktaboks
Også kjend som
Myrobalan
Prunus cerasifera
Beskriven av
Jakob Friedrich Ehrhart
PH – Potensielt høy risiko
Global rødlistestatus
DD – Datamangel
Eigenskapar
Kirsebærplomme er ein busk eller eit lite tre som blir opptil åtte meter høgt. Treet blømer før eller ved lauvsprett med femtalige kvite blomar. Frukta som blir danna, er ei gul eller raud steinfrukt. Fruktene blir spreidde av fuglar.
Bruk
Treet er av lita betydning som frukttre, men har vorte brukt som grunnstamme for dyrking av ulike plommesortar. Kirsebærplomme blir også brukt til hekk- og leplanting, og dessutan til prydtre.
Økologiske konsekvensar
Kirsebærplomme er oppført på framandartslista med status LO – låg risiko i Noreg.
Systematikk
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Rosales | roseordenen |
Familie | Rosaceae | rosefamilien |
Slekt | Prunus | kirsebærslekta |
Art | Prunus cerasifera | kirsebærplomme |
Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).
Les meir i Store norske leksikon
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Silldehagen, Hobro, Danmark
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Randers Fjord, Danmark
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Snæbum, Jylland, Danmark
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Silldehagen, Hobro, Danmark
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Silldehagen, Hobro, Danmark
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Snæbum, Jylland, Danmark
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Silldehagen, Hobro, Danmark
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Silldehagen, Hobro, Danmark
Prunus cerasifera, kirsebærplomme. Foto frå: Snæbum, Jylland, Danmark
Faktaboks
Prunus cerasifera
Artsdatabanken-ID
GBIF-ID