mandel – Store norske leksikon (original) (raw)
Blømande mandeltre
Blømande mandeltre i Luristan, Iran. Landet er ein stor produsent av mandlar.
Mandel er frøet i frukta til mandeltreet, eit lite tre i kirsebærslekta. Mandel har vore handelsvare i Noreg frå middelalderen. Det finst ulike typar mandlar, og dei blir delte i søtmandel og bittermandel.
Faktaboks
middelnedertysk frå vulgærlatin amendula, omdanna av amygdala, frå gresk
Prunus dulcis
Beskriven av
D.A. Webb (Mill.)
Årleg global produksjon
4,0 millioner tonn (2021)
Søtmandel vert brukte i søte rettar, i frukostblandingar og i middagsrettar. Det blir òg nytta til glutenfritt mandelmjøl og i laktosefri mjølk.
Bittermandel er giftig grunna innhald av blåsyre, men vert nytta til å utvinne bittermandelolje. Denne olja vert mellom anna nytta i bakverk.
Utbreiing
Mandeltreet er eit lite tre som truleg har oppstått frå hybridisering av ulike artar frå Sentral-Asia. Mandel er tilpassa milde vintrar og tørre og varme somrar, og vert dyrka og veks tilsynelatande vilt fleire stadar i verda, mellom anna i dei fleste landa rundt Middelhavet.
Allereie i bronsealderen (3000–2000 fvt.) vart det dyrka mandlar i Midtausten. Mandlar er også funne i Tutankhamon si grav (cirka 1300 fvt.). Mandel vart truleg innført til Hellas rundt 300 fvt. og spreidd vidare til kringliggande middelhavsland derifrå.
Skildring
Mandel er eit lauvfellande tre, og kan bli opptil ti meter høgt. Blada er lansettforma og 7–12 centimeter lange. Blomane er enkle, femtalige, tokjønna og lyseraude eller kvite. Dei blømer tidleg om våren, og oftast før blada på treet sprett, men er vare for frost.
Blomane er insektpollinerte og sjølvsterile. For at det skal dannast frukt er ein avhengig av krysspollinering. Frukta som vert danna er ei steinfrukt og mandelen er frøet i frukta.
Fruktkjøtet hos mandel er seigt, lêraktig og lòdent. Den gule steinen i steinfrukta inneheld oftast éin mandel. Nokre gonger finst fleire frø. Dei vert då omtala som filipine.
Frøa til mandel vert spreidde av dyr.
Dyrking
Global produksjon av mandel, 1961-2021
tidspunkt | |
---|---|
1961 | 756588 |
1962 | 436538 |
1963 | 577518 |
1964 | 631599 |
1965 | 605077 |
1966 | 606315 |
1967 | 719378 |
1968 | 709540 |
1969 | 566655 |
1970 | 676749 |
1971 | 580612 |
1972 | 700004 |
1973 | 621331 |
1974 | 855554 |
1975 | 752361 |
1976 | 930057 |
1977 | 812282 |
1978 | 904525 |
1979 | 833748 |
1980 | 919655 |
1981 | 1231227 |
1982 | 1045648 |
1983 | 846642 |
1984 | 1165867 |
1985 | 1145592 |
1986 | 976832 |
1987 | 1251975 |
1988 | 1141283 |
1989 | 1273584 |
1990 | 1315419 |
1991 | 1287290.53 |
1992 | 1318115.83 |
1993 | 1275181.77 |
1994 | 1384321.17 |
1995 | 1047570.24 |
1996 | 1292075.99 |
1997 | 1592740.14 |
1998 | 1310894.08 |
1999 | 1657150.15 |
2000 | 1452206.36 |
2001 | 1552538.32 |
2002 | 1849682.74 |
2003 | 1772632.97 |
2004 | 1610175.11 |
2005 | 1848472.27 |
2006 | 2084658.06 |
2007 | 2290027.67 |
2008 | 2475261.38 |
2009 | 2416426.05 |
2010 | 2575821.38 |
2011 | 3078565.68 |
2012 | 2913104.5 |
2013 | 2954074.79 |
2014 | 2741709.8 |
2015 | 2696171.89 |
2016 | 2860346.2 |
2017 | 3064727.78 |
2018 | 3273320.35 |
2019 | 3528026.61 |
2020 | 4147147.08 |
2021 | 3993998.06 |
Kilde:FAOSTAT
Opphavleg inneheldt alle mandlar blåsyre. Dei søte mandlane, som ikkje inneheld denne farlege gifta, oppstod truleg ved ein mutasjon. Det er desse som blir dyrka i stort omfang i dag. Viltveksande mandlar inneheld framleis blåsyre.
Mandel vert dyrka i delar av verda med milde vintrar og tørre somrar. Dette inkluderer land rundt Middelhavet, USA, Sørvest-Asia, Australia, Chile, Argentina og Sør-Afrika. I Sør-Europa er avlinga frå eitt enkelt tre om lag 25 kilo mandel i året. USA er den største produsenten av mandlar i verda. Her førekjem produksjonen hovudsakleg i California.
Mandel blir av og til planta i Noreg, men blomane, som blømer tidleg om våren, er vare for frost. Frukta treng dessutan lang tid for å bli moden. Det er difor berre nokre stadar i landet, som lune stadar på Sørlandet det er mogleg å hauste større mengder mandlar. I tillegg til vanleg mandel, finst artane rosemandel, P. triloba, og dvergmandel, P. nanen, planta i Noreg. Rosemandel stammar frå Aust-Asia og har oftast blomar som er fylte. Dvergmandel er ein meterhøg busk med enkle blomar som stammar frå Søraust-Europa.
Bruk
Marsipan vert laga av mandlar.
Søte rettar
Mandlar blir brukte i marsipan, i konfekt, i bakverk og i dessertar som til dømes mjølkepuddingar med ris eller semule. I søte rettar passar smaken av mandlar godt saman med andre krydder som safran, kanel, kardemomme og rosevatn.
Middagsrettar
Malne mandlar er veleigna i sausar og i gryterettar, både som smakstilsetning og tjukningsmiddel. I Midtausten, Nord-India og Iran blir mandlar ofte brukt i middagsrettar. Dei malne mandlane blir gjerne rista i varmt feitt saman med krydder som muskat, spisskummen, kvitlauk og ingefær før dei blir tilsette i gryterettar og sausar. Rista mandelflak eller hakka mandlar blir nytta og strødde over kylling- og kjøtrettar, fisk og biryani (risrett frå Iran og Nord-India), ofte i kombinasjon med rosiner eller tørka berberisbær.
Laktosefri og glutenfri
Mandlar kan malast til mjøl og er eit glutenfritt alternativ til anna mjøl. Dei kan og prosesserast til mandelsmør, på same måte som peanøttsmør, og til å produsere mandelmjølk som kan erstatte vanleg mjølk hos laktoseintolerante eller veganarar. Mandlar, både umodne, grøne og vanlege, kan òg nytast rå eller rista som snacks.
Mandelolje
Av mandlar blir det vunne ut olje som er ei viktig smakstilsetning i likørar, til dømes i den italienske Amaretto.
Bitre mandlar inneheld blåsyre og er giftig. Dei blir brukt i næringsmiddelindustrien for å gi ein skarpare mandelsmak.
Les meir i Store norske leksikon
Faktaboks
Prunus dulcis
GBIF-ID